Digital sjølvskading

Artikkel - Lasse S. Andersen

Fleire ungdommar har gjennom det siste tiåret byrja å skrive nedlatande kommentarar og sendt krenkande meldingar til seg sjølve. Forskarar kallar det digital sjølvskading, men kva er det som ligg bak slike handlinga, og korleis kan ein forebygge det?

Grafikk / Lasse S. Andersen

Grafikk / Lasse S. Andersen

Skulegarden er ikkje lenger den store mobbearenaen den ein gong var. Mobbing er ikkje lenger like synleg som det pleidde å vera. Det skjer ikkje lenger berre i det opne, men på sosiale media, på nett, via mobil, og kanskje verst av alt, det skjer anonymt. Men det som så langt har vert ukjend for oss er at det også føregår som ei form for sjølvskading.

I august 2013 vert Hannah Smith, ei 14år gammal jente frå Leicestershire, England, funnet hangande frå taket på soverommet hennar. Fjortenåringen hadde over lengre tid fått hatefulle meldingar og kommentarar tilsendt via eit anonymt spørjeforum Ask.FM. Forumet, som svært mange andre, tillèt brukarar å kommentera anonymt. Sjølvmordet hennar førte til ein etterforsking i håp om å finna mobbarane, men det var ingen å finna. Det viste seg at IP-adressa meldingane kom i frå var den same som innlegga til fjortenåringen. Det skulle visa seg at fjortenåringen hadde skrive til seg sjølv.

Dette er det fyrst kjende tilfellet av det forskarar kallar ‘digital sjølvskading’. Forsking frå 2017 viser at dette er ikkje eit isolert tilfelle, men at dette er ein aukande trend blant unge. Omtrent 1 av 20 av tenåringar mellom 12- og 17år har tatt del i digital sjølvskading og anonymt skrive nedlatande om seg sjølv i sosiale media, eller forum. Dette førgår for det meste på plattformer der ein kan vera anonym og ikkje treng å laga nye profiler. På det me ser på som vanlege sosiale plattformer som Facebook og Instagram er ikkje denne trenden like synleg.

Dei fleste har same motiv

Kva er motivasjonen for slike handlingar?  I følge ein nyleg publisert artikkel frå The Economist er det merksemd og sympati dei vanlegaste motiva bak trenden. Poenget er å få venner eller følgjarar til stå opp for deg, noko som er den vanlegaste forma for digital sjølvskading, også referert til som «sad-fishing», å ‘fiske’ etter sympati. Dette gjer ein òg ved å leggja ut emosjonelle erklæringar på sosiale media, som er svært vanleg på meir tradisjonelle medium som Facebook, Instagram, og Snapchat. Rundt ein tredjedel av dei som skadar seg sjølv på nett seier at dei har oppnådd det dei ville og slutta med det, men det framleis er ein tydeleg link mellom sjølvskading på nett og sjølvmordstankar.

Det er òg vanleg at dei som vel å ty til digital sjølvskading har vert utsatt for mobbing både i verkeleghita og på nett. Det er heile 12 gonger meir sannsynleg at desse vil ty til digital sjølvskading som eit direkte resultat av mobbing.

Vegen vidare

Skjermdump / Tumblr

Skjermdump / Tumblr

Å identifisera digital sjølvskading er, som The Economist skriv, relativt enkelt. Som i Hannah Smith tilfellet inkluderer det å finne kor meldingane kjem frå eller frå kva profil. Det som er svært vanskeleg er å veta kva ein skal gjera etter det. Forskinga viser tydleg at digital sjølvskading er ikkje fyrste steg, men eit resultat av langvarig mobbing og hets, i skulen eller på nett.

Mange sosiale plattformer har allereie prøvd å finne løysingar på problemet. Blogg-plattforma Tumblr viser til hjelpetelefonar og nettsider for mentalhelse når ein søker etter depresjon, angst, anoreksi, etc. Dette er sjølvsagt eit steg i riktig retning, men digital sjølvskading er, og burde bli sett på som eit rop om hjelp frå unge, og burde vera ein indikator for foreldre og lærarar om at det ligg noko svært alvorleg bak. Ein kan lett sjå på «sad-fishing» som eit forsøk på å få merksemd, men dei som tar seg tid til å skriva nedlatande om og til seg sjølv har behov for hjelp før dei tyr til same metode som så alt for mange før dei. Sjølv om digital sjølvskading ikkje ofte resulterer i sjølvmord er det fortsatt ei påkjenning på psyken som kan gi svært negative følger. Dette ein aukande trend som særlig foreldre burde vera klar over.