Konsum i Apples verd

Artikkel - Ragnhild H. Eikeland

Som Apple-brukar treng ein ikkje lenger å hugse bankkortet når ein går ut døra. Apple Pay og liknande betalingstenestar har gjort det lettare å konsumere både i butikk og i medieverda. Denne tenesta er berre ei brikke i eit stort Apple-puslespel.

Apple Pay har blitt ein populær betalingsmetode blant nordmenn dei siste åra.
Foto: Jonas Laupe / Unsplash

Alt Apple

Apple Wallet, Apple Music, Apple Home, alt finn du i Apples App Store. Verktøy som gjer livet ditt lettare. Alle levert av ein og same teknologigigant til ein og same einheit. Apple beviser gong på gong at dei greier å tilby tenester som brukarar vil dra nytte av. Big Tech selskapet styrer kva appar som blir tilgjengeliggjort i App Store med ei jernhand. Med Apples monopol på appmarknaden kan ein uvitande gå glipp av andre likeverdige løysingar. Betalingsfunksjonen Pay, til dømes, har blitt ein viktig del av Apples suksess hos brukarar. Om du har med iPhonen, har du også med deg lommeboka. Funksjonen gjer det mogleg å “take less with you, but always bring more”.

Pandemien gav brukarboost for tenestar som Apple Pay.
Foto: Naipo.de / Unsplash

Apple Pay lanserast i Noreg

Mobiltelefonen er med oss kvar enn vi går. Då Apple lanserte Pay som del av Wallet-applikasjonen, kunne ein sleppe å ta med lommeboka i tillegg til mobilen. Mobiltelefonen har blitt lommeboka, og omvendt. Ei frigjerande kjensle i ein hektisk kvardag. Endå ein mindre ting å hugse før du går ut døra. Den norske lanseringa av Apple Pay gjekk likevel ikkje smertefritt føre seg, men fekk blanda mottakingar i norske medier. I ein artikkel frå 2018 tok Nettavisen opp fleire problem med betalingstenesta, og såg ikkje for seg at Pay hadde ei lys framtid i vente.

«Det er ingen som har et drivende behov for å betale med mobilen», hevdast det. Så kom korona.

Pandemi gav brukarboost

Sjølv om Apple Pay blei lansert i 2018, skulle det ein pandemi til for å få fart på bruken blant nordmenn. Då smittevernstiltak blei satt til verks, blei ein oppmoda om å nytte kontaktlause betalingsmetodar i staden for å gjere det på «gamlemåten». Med «tæpping» unngjekk ein å fysisk ta på betalingsterminalen, og dermed bidra til å hindre virusspreiing. Ansikts-ID og munnbind var ingen god match, men no er endeleg dette kravet ute av verda. I det nye restriksjonsfrie samfunnet blir det dermed endå lettare å registrere ansikts-ID ved bruk av Apple Pay. Sjølvsagt, ein slik betalingsmetode gjer det lettare å forbruke. Nyleg blei det også kjent at Apple skal lansere ein ny del av Pay i april. Den betalingsterminalfri metoden «Tap to Pay» kan snart kome til norske marknadar. Med denne funksjonen kan ein betale kontaktlaust mellom mobileinheitar ved hjelp av ein chip som er installert i alle iPhones nyare enn Xs. Men det er ikkje berre tenestar som Pay som har prega forbrukssida av mediekonsumet vårt i det siste.

Apples har god kontroll på kva appar som er tilgjengeleg i App Store.
Foto: James Yarema / Unsplash

Konsum på sosiale medier

Vi konsumerer stadig meir produkt og tenestar i sosiale medier som Metas Instagram og Facebook. Tenestar som Apple Pay gjer det sjølvsagt lettare å konsumere på desse plattformene, og her spelar også annonsering ei særs stor rolle. Facebook driv ein enorm reklamemaskin, og tenar betydelege summar på annonsering. Nyleg endra Apple i personverninnstillingar som gjer at iOS-brukarar kan nekte appar å spore aktiviteten deira. Dette fekk store økonomiske konsekvensar for Facebook som er avhengig av slik informasjon for å få hjula i annonsemaskina til å gå rundt. Facebook har vore i hardt vêr når det gjeld personvern i høve dette. Nyleg blei det kjent at Facebook må betale 90 millionar dollar som følge av personvernsøksmålet dei har stått i det siste tiåret. Kampen mellom Big Tech selskapa illustrerer kor mykje som er på spel når det gjeld mediekonsumet vårt.

Regulering av Apple
Dersom Apple får det slik dei ynskjer, kjem ein til slutt til å ha heile livet på iPhonen. Bankkort, husnøkkel, pass og legitimasjon, helseinformasjon, kven veit kor grensa går. Ein grunn til at Apple fortset å gjere det så bra, er fordi produkta deira er så lette å synkronisere. Er ein først Apple-brukar, er det nærmast ubrukeleg å nytte andre system som er mindre kompatible. Mediekonsumet vårt går nok ikkje nedover med det første, og det kan vere lurt å gjere seg merksam på kva dette konsumet består av. Eit lovforslag som skal hindre Big Tech selskap som Apple og Meta i å fremje eigne tenestar på nettsidene sine er allereie godteke av senatet i USA. Dette kan vere starten på meir regulering av slike selskap for å avgrense den enorme makta dei har over brukarar.