Krisehjelpa til norsk kulturliv er her

Artikkel – Lars Daniel S. Tenfjord

Kultur fungerer som eit bindeledd i samfunnet. Det knyt menneske saman gjennom musikk, idrett, kunst, film, identitet og mykje meir. Koronakrisa utfordrar no kulturlivet i Noreg, og mange er bekymra.

Foto: Sebastian Ervi / Unsplash

Foto: Sebastian Ervi / Unsplash

Kulturarrangement avlyst

12. mars vedtok Helsedirektoratet eit forbod mot og stenging av ein rekkje ulike tilbod. Korona-pandemien har vist seg å vere så alvorlig, at myndigheitene ikkje har sett noko anna utveg enn å ty til drastiske tiltak for å avgrense smitte. Eit av desse tiltaka har vore å flytte eller avlyse konserter. Dette er heilt nødvendig, men har bydd på store utfordringar for ei yrkesgruppe som i stor grad livnærer seg på konsertinntekter. Mange norske artistar hadde kalenderen full både i vår og sommar, men når helsemyndigheitene spår full epidemi frå mai – så er det vanskeleg å tru at det blir gjennomført konsertar dei komande månadane. Dette har ført til at ein rekkje artistar klør seg i hovudet og gjeng ei usikker framtid i møte. Ein av dei som har tatt eit kreativt grep for å lette situasjonen, er musikar og journalist Filip Roshauw.

 

Brakkesyke 2020

Han driv nemleg i lag med fleire Facebook-sida ”Brakkesyke 2020”, som er ein plattform der artistar kan strømme konsertar direkte frå sin eigen heim. Publikum er musikkglade folk med brukar på Facebook, og billettar til den virtuelle konserten blir donert via blant anna Vipps. Publikum kan donere alt i frå ingenting og oppover, og Facebook-sida har i skrivande stund 37 000 likarklikk. Filip Roshauw seier i eit intervju med NRK, at han fort skjønte at musikarar, og særleg mange frilansmusikarar, kom til å hamne i ein pressa situasjon. I tillegg ga han uttrykk for at han trudde at mange kom til å savne konsertopplevingar i dei komande vekene. Mange er i karantene og isolasjon, og folk blir oppfordra til å halde seg heime. I tillegg til artistane sjølv, stend også arrangørar og kulturarbeidar ovanfor store tap i tida framover. På bakgrunn av dette har det vokse fram ein debatt, om kor vidt folk burde krevje refusjon for billettar til avlyste konsertar.

 

Refusjon for billettar

Som PRESSET. skrev i førre veke, har konsertarrangørar blitt tvungen til å enten flytte eller avlyse konsertar som følgje av koronaviruset. Dersom konsertar blir flytta vil folk få moglegheit til å ta i bruk billettane sine ved ei seinare anledning, men dersom konsertar blir avlyst er situasjonen ein anna. Dette har ført til at det dei siste dagane har vore stor pågang i sosiale medium, og mange har oppfordra til å ikkje krevje refusjon for ubrukte billettar. Dette er noko ein som publikummar oftast har rett på, men dersom alle krev refusjon vil det få store konsekvensar for kulturaktørar. Det blir oppfordra til solidaritet og ein felles dugnad for å hjelpe. Artist og DJ Martin Danielle er ein av dei som har stått fram i sosiale medium. Han la ut eit innlegg på Instagram, der han reflekterte rundt kva avlyste konserter faktisk har å seie både for han sjølv, familien – og andre artistar i same båt. Til TV2 sa Danielle blant anna:

– For at næringa skal overleve trur eg at dei som har råd til det skal unngå å krevje refusjon. Dersom ein har råd til å gå på konsert, så har ein kanskje råd til å la dei pengane gå tapt.

I Instagram-innlegget Danielle la ut for om lag ei veke sidan, henvendar han seg og direkte til Abid Raja og Kulturdepartementet. Han ynskte tiltak, og onsdag 18. mars kom svaret.

 

Krisepakke til norsk kulturliv

Kultur- og likestillingsdepartementet har no presentert ein kompensasjonsordning, der kulturlivet får rundt 300 millionar kroner, mens idretten, det frivillige kulturlivet og frivillige organisasjonar får rundt 600 millionar.  

– Det er ei veldig krevjande tid for kultur-, frivilligheit og idrettssektoren, der både bedrifter, verksemder, lag, foreiningar og enkeltpersonar har sett inntektene sine heilt eller delvis forsvinne nærmast over natta. Regjeringa vil gjere det vi kan for å avhjelpe situasjonen, og eg er glad for å presentere kraftfulle tiltak, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Noregs største kunstnarorganisasjon, Creo, arbeider for å sikre betre lønns- og arbeidsvilkår til kulturaktørar. Dei er glad for at regjeringa har gjort tiltak, men skriv på sine sider at dette er langt i frå bra nok. Dei hevder at det må eit tredobla beløp til, for at bedrifter innafor kulturnæringane ikkje gjeng konkurs, og for å unngå eit uoppretteleg tap av arbeidsplassar.

Kultur er viktig for samfunnet, og no er samfunnet under angrep. Regjeringa har den siste tida satt i verk tiltak som er dei mest inngripande i Noreg i fredstid. Mange er bekymra for helse, økonomi og framtida generelt. Vi må alle gjere det vi kan for å ta vare på kulturlivet og kvarandre. Vi må stille spørsmål, krevje tiltak – men ikkje minst høyre på dei retningslinjene myndigheitene har lagt. Saman er vi sterke.


Bør ein unngå å krevje refusjon?  Legg igjen ei kommentar under!