NRK med historisk kringkastingssjef

Artikkel - Ragnhild H. Eikeland

For ei snau veke sidan blei det kjent at NRK har landa på valet av ny kringkastingssjef, Vibeke Fürst Haugen. Dette historiske skiftet er ikkje berre viktig for NRK som institusjon, men også for den feministiske diskursen som går føre seg i medie-Noreg for tida.

Vibeke Fürst Haugen blir historisk som NRKs nye kringkastingssjef. Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Kvinne i viktig stilling

Mediert feminisme handlar ikkje berre om det vi ser på skjermen, men også om det som skjer bak kulissane. Heilt sidan mars 2013 har spakane i NRK-maskineriet vore styrt av den no tidlegare kringkastingssjefen Thor Gjermund Eriksen. Men i åra framover vil det sitje andre i sjefstolen. Berre dagen etter at søkjarlista på stillinga blei publisert, blei det annonsert at NRK-styret hadde landa på Vibeke Fürst Haugen. Med dette blir Haugen historias første kvinne i rolla som kringkastingssjef. Dette valet er stort for NRK. Ved å endelig tilsetje ei kvinne i ei viktig stilling som denne, signaliserer NRK sin ståstad i den feministiske samtalen om fleire kvinnelege toppleiarar. Vi står midt i feminismens fjerde bølge, noko NRK er ein viktig del av.


Slik ein delar opp etter generasjonar, forsøker ein også grovt å skilje feminisme i ulike «bølger». Den fjerde bølga er kjenneteikna av at store delar av den feministiske diskursen går føre seg i media, og særleg i sosiale medier.


Mannsdominert historie

NRK er Noregs største og einaste fullt statleg finansierte allmennkringkastar. Institusjonen har ei viktig og omfattande oppgåve med å bidra til å skape eit mangfaldig og godt norsk mediebilete. Dermed tilbyr stillinga som kringkastingssjef ei gjev moglegheit til å påverke NRK både form- og utviklingsmessig. Tidlegare har lista over kringkastingssjefar vore prega av menn. Den avtroppande kringkastingssjefen blir dermed sistemann i den samanhengande rekka av 13 menn som har hatt sjefsstillinga opp gjennom åra. Årets søkjarliste var variert og interessant. I blant hovudandelen menn, var det kun 2 kvinner å sjå på søkjarlista som blei publisert for litt over ei veke sidan. Den andre kvinnelege søkjaren var også ein NRK-kjenning, Helje Solberg. Valet av Haugen gjer ho til ein del av den kvinnelige andelen toppleiarar i medie-Noreg.

Medie-Noreg får stadig fleire kvinnelege toppleiarar. Foto: CoWomen / Unsplash

Feminisme i medie-Noreg

Slik NRK også er eit døme på, har det vore lite kvinner i toppleiarstillingar historisk sett. Dei siste åra har det likevel blitt betre og betre på akkurat denne fronten. Som kampanje.no kunne avsløre i 2018 var det då kun to av ti toppleiarar som var kvinner i norske mediekonsern. Sidan den gong har talet auka. I 2020 kom ei oppdatert undersøking frå aktøren om at andelen hadde auka med ti prosentpoeng. Fleire namn er å finne i denne positive utviklinga. I 2018 blei Alexandra Beverfjord tilsett som ny sjefredaktør i Dagbladet. Eit anna namn er også til dømes Trine Eilertsen som blei sjefredaktør i Aftenposten i 2019. Etter at også Siv Juvik Tveitnes blei konserndirektør for nyhendemediene i Schibsted, vann ho den gjeve prisen som “Årets kvinnelege medieleiar” i 2020. Som ny kringkastingssjef i sjølvaste NRK, er dermed Haugen i godt kvinneleg selskap i medie-Noreg.

Tida framover

Media og dagens digitale plattformer gjer det mogleg å nå kven som helst kvar som helst over heile kloden. Feministiske samtalar er ikkje noko unntak. Feminisme handlar ikkje berre om likestilling mellom menn og kvinner, saka omhandlar alle uavhengig kjønn. I ei tid der Språkrådet ynskjer å innføre “hen” som eit godkjent kjønnsnøytralt pronomen, er det stadig viktigare at fleire kjønnsidentitetar blir representert i eit meir mangfaldig NRK. I åra framover blir det dermed viktig at NRK tek større del i også denne delen av feminismediskursen. Ein rapport frå 2020 avslører likevel at NRK har vore gode på likestilling mellom menn og kvinner både når det gjeld vanlege stillingar og leiarstillingar. På ei anna side er det ikkje til å sjå vekk i frå at Haugen kan kunne bidra med eit anna blikk enn tidlegare menn i rolla som kringkastingssjef.

Kva Haugen vil få til i si tid som kringkastingssjef blir spennande å følgje med på, men ein ting er sikkert. Tilsettinga er endå eit steg i riktig retning mot eit meir likestilt medie-Noreg.