NY UKE, NY BINGE – #39

Anbefalingsliste - Lasse S. Andersen

Haust for meg er ei slags ventetid som varar frå dei siste varme sommarkveldane til den fyrste snøen kjem. Derfor treng eg noko til å få tida til å passera. Noko som kan gjera dei lengre kveldane litt meir interessante, gjerne i form av bøker. Lista eg har satt saman for denne veka inneheld nokon av mine favorittar.

Opphavsrett: Vintage Publishing. Foto: Japan Centre

Opphavsrett: Vintage Publishing. Foto: Japan Centre

Norwegian Wood – Haruki Murakami

Det er ikkje ofte eg les den sama boka fleire gonge, Murakami sitt meisterverk Norwegian Wood er unntaket. Boka verkar kanskje dyster ved første augekast, og det er ikkje å skjula at det til tider er tilfellet, men den er også underhaldande, morosam og rørande. Toru Watanabe, student i 60-talets Tokyo, opplev å mista sin bestevenn til sjølvmord og prøver saman med vennens kjærast å komma over tapet, samtidig som dei utforskar kjenslene dei har for kvarandre. I ei tid av livet der store delar består av sex, vennskap, og usikkerheit, kjem det ei ny jente inn i livet hans og set spørsmål til vala han har tatt. Watanabe må velja om han vil halde fast på fortida, eller gå vidare. Alternativ tittel; Sex og sjølvmord.


Opphavsrett: Aschehoug. Foto: Fabel

Opphavsrett: Aschehoug. Foto: Fabel

Krigernes fred – Lasse Gallefoss

Frå neon-opplyste Tokyo til Oslo i ei tid med fred, men også stor usikkerheit. Etterkrigstidens Noreg kjempar ein usynleg krig blant sine eigne. Noreg, som einaste land i Europa, meinte at alle som var positive til tyskarane skulle møtast med passande straff. I Gallfoss sin første roman er det fleire som har denne mentaliteten og som tar sakane i eigne hender. Fleire politimenn som jobba for tyskarane under andre verdskrig vert funnet drepen av dei sama torturmetodane som dei sjølv nytta. Det er opp til Storm Steinset å etterforska drapa, og som gamal dobbeltagent for motstandsbevegelsen er han også på mordarens drapsliste. Eg er kun komme halvveges i boka, men den er allereie blitt ein soleklar favoritt.


Opphavsrett: Penguin Books Ltd. Foto: Amazon

Opphavsrett: Penguin Books Ltd. Foto: Amazon

How Democracies Die – Steven Levitsky & Daniel Ziblatt

Det er ingen hemmelegheit at me er i ei usikker tid. Som over gjennomsnittleg interessert i politikk er presidentvalet i USA i november ei stor hending, der demokratiets institusjonar kjem til å bli satt på prøve. I denne boka går forfattarane gjennom korleis demokrati rundt omkring i verda kan brytast ned, anten som eit coup d’état eller dei kan dø sakte. Bilete dei teiknar av dagens situasjon er dyster, der autokratar lett kan komme til makta og bryte ned demokratiet, slik me har sett i Kviterussland, Polen, og Ungaren. Men dei kjem òg med ein guide til korleis det kan hindrast, og korleis me kan bygga det opp igjen. Ikkje ei bok for kven som helst, men for dei få nerdane der ute så er den verdt å lesa.


Opphavsrett: HarperCollins. Foto: Ark

Opphavsrett: HarperCollins. Foto: Ark

And Then There Were None – Agatha Christie

Dei fleste kjenner nok til Agatha Christie, dronninga av krim. Dei fleste kjenner nok også denne boka, som vart filmatisert på nytt i 2017. Ti framande er invitert til ei privat øy der dei alle vert tiltalt for kvart sitt mord, samstundes som eigaren enda ikkje har vist seg. I kontrast til dei fleste Christie bøkene utan Poirot, eller Miss Marple, er dei ikkje å sakne i denne krimromanen. For når dei byrjar å døy ein etter ein tenkjer ein ikkje att her burde det vera ein etterforskar med kvasse kommentarar og smarte teoriar. Spenningen, samhaldet, og skepsisen blant dei overlevande er nok. Ein av dei beste krimromanane nokon gong.


Opphavsrett: Vintage. Foto: Amazon

Opphavsrett: Vintage. Foto: Amazon

Kafka on the Shore – Haruki Murakami

Det er ingen hemmelegheit at Murakami er ein av mine favorittforfattarar og fortener å komme på lista to gonger. Denne boka er langt meir forvirrande enn Norwegian Wood, som for så vidt er det Murakami er kjend for. Kafka Tamura er denne bokas forvirra mannlege hovudkarakter, ein standard i Murakami sine bøker, som nettopp har rømt heime ifrå. I tillegg til Kafka vert me òg kjend med Nakata som kan konversere med katter. Saman med snakkande katter får me også fiskeregn, soldatar frå andre verdskrig, og grufulle drap pakka inn i ei nesten magisk og akkurat passe forståeleg forteljing om identitet og eins eigen eksistens. Ikkje ei bok for dei som er over gjennomsnittet glad i katter.