Ny uke, nye anbefalinger #21 - Norge spesial

Anbefalingsliste - Lars D. S. Tenfjord

Korpsmusikken har stilna, men sjølv om det er eit år til neste nasjonaldag, tenkjer eg det er viktig å ta med seg 17-mai-ånda inn i sumaren. Vi må halde fram med å feire, pleie og ikkje minst fornye dei verdiane som landet våra er bygd på. Difor vil eg i denna vekas anbefalingsliste heidre ein kultur og musikksjangar, som verkeleg har stått i bresjen for både ytringsfridom og endring. Her er fire artistar og fire prosjekt - sjølvsagt på norsk.


Opphavsrett: Tøyen Holding / Foto: Mutual Intentions

Opphavsrett: Tøyen Holding / Foto: Mutual Intentions

Tøyen Holding - Tøyen Holding 2

Tøyen Holding er eit friskt pust på den norske rapscena, og duoen FredFades og Mest Seff er ei gåvepakke til dei som liker old school rap. Andrealbumet Tøyen Holding 2 kjem i ei behagelig innpakning beståande av sjeldne jazz- og soulsamples, med flust av gode gode rim, og artige, kreative og unike referansar.

Det breie tekstuniverset, og den kontinuerlige flyten av gode bars - gjer albumet interessant, sjokkerande og underhaldande. Gutta frå Tøyen Holding rappar om alt i frå damer, stil og spenn - til dyr mat og ekslusiv vin. Og sjølv om albumet er alt anna enn politisk korrekt, har lydbilete og låtane likevel noko sofistikert og ikkje minst kredibelt over ved seg. Dette bidreg til at albumet passar i mange ulike settinger, blant all slags folk, og kan fungere like godt på vorspiel, som til ein rolig dag i parken.


Opphavsrett: UG Records / Foto: Genius

Opphavsrett: UG Records / Foto: Genius

UNDERGRUNN - Buketter & Ballspill

Andre på lista er den Oslo-baserte, og framandstormande gruppa UNDERGRUNN. Etter å ha blitt populær gjennom Soundcloud, og musikkvideoar på YouTube - har gutane frå Oslo aust verkeleg blitt eit namn å rekne med på den norske rapscena.

I april slapp dei sitt fjerde prosjekt, Buketter & Ballspill, og her tek dei oss med på ei reise gjennom livet deira i hovedstaden. Lydbiletet er varierande, og UNDERGRUNN beveger seg innom både hard, fløyelsmjuk og fengande trap, men ikkje misforstå - desse karane kan rappe.

Låta Toppen av Oslo er min personlige favoritt, og denne har verkeleg potensiale til å bli ein popkulturell nasjonalsong for Oslo. Nok for i År (2020 talk ) er og klassisk UNDERGRUNN-trap på sitt beste. Dei har skapt ein særeigen vibe og sound, og i norsk samanheng er dei ganske så unik.


Opphavsrett: Amara / Foto: Genius

Opphavsrett: Amara / Foto: Genius

Amara - For Fremtiden

Med ei stemme som kunne fått Bæ, Bæ, lille lam til å høyrast fett ut, er Adrian Amara ein rappar som verkeleg har potensiale til å bli ei stor stjerne i Noreg. I fjor slapp han sitt andre soloprosjekt, For Fremtiden, der han presenterte eit sjangar- og humørvarierande, men jamnt over energisk lydbilete med songar som både får pulsen til å stige, og hovudet til å gynge.

Kriger, Kambui Hills og Prinsesse er låtar som rykker i dansefoten og gir meg lyst på ei pils, mens Enebarn og En Natt Uten Deg får fram kjensler og refleksjon. Amara rappar om familie, vener og kjærleik, men pakkar dette inn eit meget humørfylt, ernergisk og spennande innpakningspapir. Produsentane har gjort ein fantastisk jobb når det kjem til beats, og utan frata dei noko som helst av den velfortjente skryten, må eg likevel seie at Amara har ei stemme, og eit særpreg - som kunne fått kva som helst til å høyrast fett ut.


Opphavsrett: JNS & NPS Music / Foto: NPS Music

Opphavsrett: JNS & NPS Music / Foto: NPS Music

 JNS - Pandemivinter

Fjerde anbefaling ut er Pandemivinter av JNS, og dersom du likar Tøyen Holding kan eg nesten garantere at du kjem til å like dette. JNS har vore i gamet lenge, og er særleg kjend blant dei som sett pris på old school rap. JNS, eller Thomas Jones som han eigentleg heiter, er både produsent og rappar - og du må heller ikkje la deg lure av Pandemivinter sitt kalde namn, og frosne albumcover, for når JNS er bak mikrofonen er det heteslag, og ikkje frostskader du må bekymre deg for.

Lydbilete er i stor grad soul-basert og veldig behagelig å høyre på, men det er samtidig energisk og underhaldande. JNS har ein god penn og han er dyktig til rappe, noko som gir albumet eit avhengigheitsskapande driv framover. Han har og fått med seg ein rekkje gode gjesteartistar, som krydrar albumet. Favorittlåta mi er VIPPS, der JNS har fått med seg sjølvaste OnklP. Den og CHAMPIONSHIP RINGS er ekstremt mjuke og behagelige, og gir meg lyst på ei iskald cola ved strandkanten - mens 03`KANYE er ei kjapp, bumpy og energisk låt, som kan skru opp stemninga på ein kvar fest.


Opphavsrett: Dutty Dior / Foto: Genius

Opphavsrett: Dutty Dior / Foto: Genius

Dutty Dior - KAOTISK ELEGANSE

Femte og siste anbefaling ut er KAOTISK ELEGANSE av Dutty Dior. I lag med Isah hadde Dutty Dior i 2019 braksuksess med låta Hallo, og har sidan den gong levert mykje musikk, med solide lyttartal. Den Oslo-baserte artisten lagar catchy og melodisk rap, og han har eit eksperimentelt lydbilete og fengande flows. Og dersom ein skal kalle Tøyen Holding og JNS for old school, er definitivt Dutty Dior det motsatte. Han er lett å hive under kategorien “Soundcloud-rappar”, som både syng og rappar, og som gjerne tek i bruk autotune for å krydre musikken. Dutty Dior hentar truleg mykje inspirasjon frå amerikanske artistar som Young Thug, Future og Travis Scott, men i norsk samanheng er det vanskelig å samanlikne han med så veldig mange.

Og sjølv om det kan vere lett å gå seg vill i jungelen av moderne rapparar med autotune, så er det vertfall etter mitt syn, veldig få her i landet som er betre enn Dutty Dior på akkurat han driv med. Og det han driv med, er å lage fengande Rnb og rapmusikk. Dutty Dior har ei spesiell stemme og uttrykk, og han har ein unik evne til å finne kreative melodiar. Dette resulterar i catchy musikk, som verkeleg sett seg fast i topplokket. Du skal ikkje høyre dei tre låtane på KAOTISK ELEGANSE mange gongar før du kan refrenget og syng med.