6 filmar du kan sjå til Halloween
Anbefaling - Siri Lill Berg
Pumpkin spice latte har komt på menyane, treda er måla i varme fargar og norske eple er på tilbod i butikken. Hausten er i full gang og Halloween luskar rett rundt hjørnet. Sjølv om feiringa som vi kjenner den i dag kjem frå Amerika, er eg passe lei av å høyre setninga «This is America» i annakvar Halloweenfilm.
Her kjem derfor ei samling ikkje-amerikanske filmar du kan sjå for å varme opp til Halloween. Dei er subjektivt rangerte frå minst til mest skumle, så ta denne rangeringa med ei klype salt.
Humanist vampire seeking consenting suicidal person (2023), Canada
Org. tittel: Vampire humaniste cherche suicidaire consentant
Namnet summerar eigentleg utgangspunktet for filmen svært godt, så for deg som ikkje vil lese om handlinga, kan du hoppe til neste avsnitt. I filmen møter vi tenåringsvampyren Sasha, som har medføling for menneske, og derfor ikkje klarer å drepe dei. Foreldra meiner det rett og slett er noko ho berre må kome over og nektar derfor å «jakte» noko meir på hennar vegne. Heldigvis møter ho mennesket Paul, som ikkje har mykje livslyst, men som slit med å faktisk ende sitte eige liv. Den perfekte situasjonen, ikkjesant? Sasha har immidlertid prestasjonsangst, og Paul har nokre siste ynskjer han vil ha gjort før daggry.
Sara Montpetit og Félix-Antoine Bénard i Humanist Vampire Seeking Consenting Suicidal Person (2023) / Foto: IMDb
Filmen er ein av dei meir koselege på lista, og er akkurat passe klein, utan å gje second hand embarrasment. Handlinga har om lag like mykje humor som tittelen, dog nokre gongar litt mørk. I grunn er det ein feelgood-film om vampyrar. Så om du ikkje følar for ein skrekkfilm, men framleis ynskjer noko litt spooky, anbefalar eg denne på det høgaste.
Black sabbath (1963), Italia, frankrike
Org. tittel: I tre volti della paura
Scene frå Wurdalack i Black Sabbath (1963) / Foto: IMDb
I filmen presenterer ein vert tre ulike forteljinger for publikum. Fyrste historie er om ein stalker som held fram med å ringe hovudpersonen. Wurdalack, den andre historia og min personlege favoritt, er om ein familie som vert terrorisert av familien sin patriark, no eit udødt vesen. I siste segment har ein sjukepleiar stole ein ring frå eit lik, ei handling som raskt får fatale konsekvensar.
Filmen nyttar eit stort utval djupe og dempa fargar, noko som gjer den utruleg estetisk fin, på ein måte verdig for ein Halloweenfilm. Spesielt i segmentet Wurdalack, medfører fargebruken, skodda og resten av settet, ei mystisk og draumeliknande atmosfære. Handlingane i filmen er spooky på ein klassisk måte, utan å vere for skumle, noko som ikkje kan anna enn å medføre ein viss vintage sjarm. Verten bidreg også med å setje stemninga før forteljingane, som om sjåarane er gjestar på ein skremmande aften.
Kwaidan (1964), Japan
Ja, denne filmen varar i nesten tre timar, men, bear with me, den inneheld fire uavhengige forteljinger. Du treng ikkje å sjå alle samtidig.
Forteljingene er alle baserte på overnaturlege japanske folkehistorier, spesielt sentrert rundt spøkelse, eller spøkelsesliknande skapningar. Filmen startar med ein samurai som forlet kona for å gifte seg rikare. Som andre forteljing vert ein mann vitne til eit overntaturleg mord, som han lovar å ikkje fortelje nokon om. I tredje forteljing møter vi ein begava musiker som vert ufrivillig rekruttert av døde menneske. Fjerde og siste forteljing omhandlar ein forfattar si forteljing om skikkelsar som viser seg som refleksjonar i te.
Tatsuya Nakadai i Kwaidan (1964) / Foto: IMDb
Personleg er eg ikkje den største fanen av soundtracket, berre fordi det nokre gongar er litt manglande, men dette gjer absolutt det visuelle opp for. Det er brukt mykje sterke fargar og teatralske kulissar, som er med på å framheve det overnaturlege i forteljingane. Til tider er handlinga litt forutsigbar, men det har ingenting å seie for spaninga og underhaldninga i dette tilfellet. Sida desse er folkeeventyr, er dei noko heilt anna enn kva ein møter i amerikanske skrekkfilmar, noko som gjer denne filmen perfekt til Halloween.
Cronos (1992), Mexico
Eigaren av ein antikkhandel, Jesús Gris, finn ei mekanisk bille i ei statue i butikken. Under nærare undersøkingar skadar maskina han. Ikkje lenge etter kjem ein mann og kjøper statua på vegne av sin rike onkel, Dieter, men Jesús har behaldt den vesle billa. Raskt startar han å eldast baklengs, og har også fått appetitten for noko meir blodig. Samtidig er Dieter og hans nevø villege til å gå langt for å kome i besetjing av den vesle mekanismen.
Tamara Xanath og Frederico Luppi i Cronos (1992) / Foto: IMDb
Dette er ein av dei tidelegare filmane til Guillermo Del Toro. Ein kan likevel merke mykje av den kjende stilen hans i filmen, med ganske grafisk gore, nydelege detaljerte metallelement, med ein bakgrunn av moody fargar. Det er elles ei engasjerande forteljing med forhaldet mellom bestefar og borneborn som eit av hovudfokusa.
La den rette komme inn (2008), Sverige, Tyskland
Org. tittel: Låt den rätte komma in
Lina Leandersson og Kåre Hedebrant i La den rette komme inn (2008) / Foto: IMDb
I Blackeberg, i Stockholm, startar ei rekke uforklarlege mord. Bydelen er også heimstaden til den true crime fascinerte 12-åringen, Oskar, som prøvar å overleve skrekkligheitene av ungdomsskulen. Dette er fram til han møter Eli, som har flytta inn i naboleiligheita. Dei vert raskt vener, noko som gjer tilverelsen til Oskar litt enklare. Eli har immidlertid ein stor løyndom å skjule.
Om det eksisterar søte skrekkfilmar, er dette ein av dei. Til tider vert den nok litt skummel og ekkel, men filmskaparane har jamna dette godt ut med andre element, noko som gjer at filmen ikkje vart like ekkel som boka. Likevel er det noko som konstant skurrar, som er kvifor denne har hamna så langt nede på lista. Meinar du også at det blå «twilight-filteret» var det beste filmatiske grepet nokon gang gjort, så har eg gode nyhende til deg. For filteret vert også i brukt i denne filmen, noko som framhevar kulda til den nordiske vinteren.
Den stygge stesøsteren (2025), Norge, Sverige, Danmark, Polen
Ynskjer du ein meir whimsy skrekkfilm? Da er den stygge stesøsteren for deg. Det må immdlertid advarast om at denne filmen ikkje er for dei svakhjerta, eller for dei som vil kose seg med popkorn for den saks skuld.
Lea Myren i Den stygge stesøsteren (2025) / Foto: IMDb
Filmen vart utgjeve i starten av året og er, som dei fleste kanskje har fått med seg, ei gjenforteljing av det klassiske eventyret Askepott. No er imidlertid ei av hennar stesystre, Elvira, hovudfokuset. Mora hennar har akkurat gifta seg på nytt og flyttar til eit nytt kongerike med dei to døtrene. Elvira startar raskt å føle seg truga av skjønnheita til stesystra Agnes (Askepott). Når då attpåtil prinsen inviterar alle på ball, blomstrar usikkerheitene opp. På oppfordring frå mora, er Elvira villeg til å gjere alt for å vinne prinsen sitt hjarte.
Om ein ser vekk frå alle elementa som gjer ditte til ein bodyhorror, er filmen utruleg visuelt fin. Den har plenty med pastellfargar og heilt nydelege kostymer, som står i stak kontrast mot dei mørkare elementa og dei motbydelege tinga som skjer i filmen. Estetikken sitt samspel med handlinga gjer dette til ein verkeleg eventyrleg skrekkfilm. Dette førte til at sjølv eg, som verkeleg hatar bodyhorror, likte filmen veldig godt.
Treng du fleire forslag? Sjekk ut ein usortert forlenga versjon av lista her.