Kan Spotify utkonkurrere radioen?

Artikkel - Ragnhild H. Eikeland

I dag har musikkstrøymetenesta Spotify om lag 381 millionar brukarar verda over. Tenesta briljerer med alle slags funksjonar og held godt på lyttarane sine. Ein skulle tru ein ikkje trengde noko anna lydmedie enn Spotify. Kan den mektige strøymetenesta kome til å utkonkurrere radioen?  

Spotify har blitt ei mektig strøymeteneste med millionar av brukarar. Foto: Omid Armin / Unsplash

Ei påminning om radioen

Nyleg slapp popstjerna The Weeknd sitt femte studioalbum Dawn FM. Ikkje berre osar plata av retro 80-tallsvibbar, den har også eit nokså retro konsept. Artisten nyttar radio som narrativt verktøy med jingles og reklameinnslag mellom spora. For meg var albumet ei påminning om eit medieformat som har blitt overdøyvd av Spotify og podcast-appar. Kvifor høyrer eg ikkje meir på radio?

Strøymetenestar som Spotify er kanskje ikkje i nærleiken av å utkonkurrere radioen på same måte som Netflix erstattar lineær-TV. Likevel er det ikkje utenkeleg at dette kan skje i framtida. Før digitaliseringa tok til for fullt, var det radioen som dominerte lyttinga til nordmenn. I dag nyttar dei fleste av oss ein eller annan strøymeteneste for å høyre musikk eller podcast. No foregår det meste på mobilen, og det er nok lite radioar i hus blant den yngre generasjonen.

Radiolytting går ned, og bruk av musikkstrøymetenestar går opp. Foto: SSB

Endring i norske lyttevanar
I ei utgåve som denne er det interessant å sjå på nokre tal vedkomande nordmenns lyttevanar.  Ifølge Norsk mediebarometer var det 57 % som lytta til lydmedier daglig i 2020, medan 49 % lytta til radio. Sjølv om lydmedier omfattar meir enn berre strøyemetenestar, er det åtte av ti som strøymer musikk i denne kategorien. Ein ser også at det er dei yngre aldersgruppene som lyttar mindre på radio, og nyttar strøymetenestane meir. Dette er ei naturlig utvikling med tanke på samfunnsdigitaliseringa. Frå 2000-talet til 2020 har prosentandelen norske lyttarar av radio og lydmedier bytta plass. Det er tydeleg at det har skjedd ei endring. Ein av pådrivarane for denne endringa har vore Spotify.

“Good afternoon”. Spotify tek vare på brukarane sine med imponerande funksjonar.
Foto: Behnam Norouzi / Unsplash

Spotify til makta

Spotify, Tidal og Apple Music er berre nokre strøymetenestar som stig til makta over musikklyttarane desse dagar. Spotify har fanga merksemda vår med imponerande funksjonar. Frå starten av har tenesta gjort det mogleg å lage eigne spelelister. Sidan har det kome fleire finurlege funksjonar. No kan Spotify lage spelelister for deg. Tenestas algoritmar veit kva du likar etter noko lytting. Personlege spelelister, sjanger- og humørspesifikke kategoriar, og podcastar, er nokre av funksjonane Spotify har kome med. Etter ein har høyrt ferdig ei speleliste eller ein låt, byrjar «radio-stasjonen». Her får du meir musikk inspirert av det du allereie høyrte på. Dersom du har hatt Spotify-brukar i eit par år, veit du også om Spotify Wrapped. Eit tilbakeblikk på ditt heilt eige år i lytting. Spotify Wrapped florerte på sosiale medier førre månad. Tenesta får brukaren til å kjenne seg spesiell. Likevel, slik tidlegare omtalt i PRESSET., kan Spotifys jag etter å tilby fleire og «betre» moglegheiter verke masete. Som regel vil ein ha det ein ber om og ikkje meir, og kanskje er det her Spotify gjer for mykje. Dersom ein vil oppdage ny musikk eller sleppe å ta eigne val om kva ein vil høyre, kan radioen vere eit godt alternativ.

Varier lyttinga!

Sjølvsagt, radioen har ein tendens til å spele låtar ihel. Eitt dårleg karaktertrekk derimot, bør likevel ikkje la deg avvise radioen heilt endå. Vi tek mange nok val i løpet av ein dag. Med radioen slepp ein å velje. Einaste ein treng å ta stilling til er kva radiokanal ein vil lytte til, og dei finns det mange av. Radiokanalar kan minne deg på gamle låtar som kan ha gått i gløymeboka, noko som kan vere ei positiv oppleving. Kanskje har du aldri høyrt Wonderwall av Oasis utanom nachspielsetting før, og det kan vere like traumatisk som forfriskande å høyre att. Ein høyrer som regel på det ein veit ein likar. Spotify vil blidgjere brukarane sine og vel tross alt ut musikk dei veit du kjem til å like. Men kva med låtane ein aldri ga ein ny sjanse? Nokre låtar treng berre litt tid på å modnast. Det er her radioen glimtar til. Den spelar uansett, her er det ikkje lov å «skippe».  

Det er ikkje utenkeleg at gamle radioformat kan trende i framtida. Foto: Naadir Shahul / Unsplash

Er radioen døyande?

Nei, radioen er nok ikkje døyande heilt endå. Men at den trugast av strøymetenestar som Spotify, er ikkje til å sjå vekk ifrå. Same kor mange imponerande funksjonar Spotify utviklar, vil det alltid vere noko særeige ved radiosjangeren som ikkje kan etterliknast. Slik ein også ser i dag, trendar retro teknologi og medieformat meir enn nokon sinne. Kanskje vil det same skje med radioen om nokre år. I mellomtida, ikkje undervurder å variere Spotify-lyttinga med litt radio!