Gotta spend ‘em all

Artikkel - Lasse Styve Andersen

Pokémon har blitt pandemiens lyspunkt for mange. Fleire spelar Pokémon GO enn da det kom ut i 2016, butikkane var lenge tomme for Nintendo Switch konsollar og Pokémon spel, og no nyleg er det Pokémon korta som har stått for tur.

Skjermdump frå Pokemon GO sitt 4 års jubileum tidlegare i år. Opphavsrett: Niantic

Skjermdump frå Pokemon GO sitt 4 års jubileum tidlegare i år. Opphavsrett: Niantic

Pokémon er kanskje ein av dei mest kjende kulturfenomena me har. Sjølv om du ikkje spelar Pokémon GO, samlar på Pokémon kort, eller nokon gong har sett tv-serien, kjenner du mest sannsynleg igjen nokre av dei snart 1000 pokémonane. Det er klart at populariteten til Pokémon ikkje har vore like konstant gjennom dei 24 åra dei har eksistert, men 2020 har vist seg å vera året Pokémon slo rot nok ein gong hos dei fleste av oss. Det sama var tilfellet når Pokémon GO kom sommaren 2016 og alle tok fatt på beina og gjekk i timesvis for å spela.

Sjølv om Pokémon GO skal spelast utandørs og saman med andre har ikkje korona-restriksjonane satt ein stoppar for Niantic og The Pokémon Company. Når Noreg og resten av verda stengde ned i mars tok dei raskt grep for å påskynda nye funksjonar. Moglegheita til å raide heimafrå og nye daglege premiar var nokre av insentiva for å halde folk heima og ikkje gå ut blant folk for å spela.

Sida Mars har spelet gjennomgått fleire endringar enn som så og gitt spelarar mykje meir å bruka pengar på. For å raide heimafrå må ein ha remote raid pass, og den månadlege community day har fått eigne stories med eksklusive premiar ein må betala for å få tilgang til. Vennene dine i spelet kan også invitere deg til raids, som betyr at eg kan raide i Australia frå studentboligen min i Oslo. Viss ein har kjøpt raid pass sjølvsagt.

Enorm pengebruk

Så langt i år er det brukt meir pengar på spelet enn nokon gong før. Spelarar brukar no 11% meir på spelet enn tidlegare. Dette har resultert i ei forteneste på over 1 milliard dollar, og det berre i slutten av oktober. Sidan da har det vore tre community days og fleire små hendingar i spelet. Det har også vore lova premiar til dei som når nivå 40 før slutten av året, som garantert er insentiv nok for å få spelarar til buka litt ekstra pengar. Dette gjer 2020 til eitt knall år for Pokémon GO.

Bilete av Pokemon kort frå Fossil settet frå 1999 / Foto: Lasse Styve Andersen

Bilete av Pokemon kort frå Fossil settet frå 1999 / Foto: Lasse Styve Andersen

Pokémon kort bonanza

I 1999 kom dei fyrste Pokémon korta. Desse var enkle spelekort med minimalt design. I forhold til dei korta som vert produsert i dag er desse gamle korta nokså kjedelege. Ikkje at dette hindrar dei i å seljast for enorme summar no i dag.

13. desember vart eit Charizard kort solgt på auksjon for 3,2 millionar kroner. Kortet er frå det fyrste settet med Pokémon kort frå 1999. Dette salet slår den tidlegare rekorden satt av artisten Logic med sama type kort for 1,5 millionar kroner tidlegare i haust.

Tidleg i produksjonen av det fyrste settet med kort, Base Set, vert det gjort endringar i designet på korta som la til skygge rundt Pokémon ramma. Korta som vart produsert før skyggen vart lagt til, er dei som no er verdt fleire millionar. Det er fult mogleg at slike kort er å finna i dei fleste norske heimar.  

Starta med Youtube

Gjennom 2020 har opningar av Pokémon kort pakningar blitt svært populært på Youtube og Twitch. Fleire samlarar som har drive med dette i fleire år har opplevd stor auking i sjåartall etter at pandemien starta. Fleire kjende personar har også kjøpt og opna eldre boksar med kort, ofte svært sjeldne og ekstremt dyre pakningar. Steve Aoki samla inn over 1 million norske kroner til veldedigheit under ein direktesendt opning av ein Base Set boks. Ein anna boks frå sama sett vart i november solgt for over 3 millionar kroner.

Det er heller ikkje berre Pokémon kort som vert solgt for million beløp. Tidlegare i haust vart to av dei fyrste Pokémon spela, Pokémon Red og Pokémon Yellow, solgt samla for 1,4 millionar kroner, komplett i eske og forsegla.

Kjensle av nostalgi

Her er det nostalgien med Pokémon kort som har drive trenden fram. Saman med nedstenging og permitering er det klart at mange har oppsøkt gaming for å få tida til å gå. Nintendo gjekk til slutt tomt for Nintendo Switch konsollar ved starten av pandemien og Pokémon har sakte men sikkert funne vegen til dei fleste av oss på ein elle anna måte. Om det så er gjennom Pokémon GO, Pokémon Sword and Shield til Nintendo Switch, eller Pokémon kort. Fenomenet Pokémon har verkeleg satt sitt preg på eit elers utfordrande 2020, og gjort kvardagen litt lysare.

Pokemon feirar 25 års jubileum 27. februar neste år, og mykje har allereie blitt annonsert for å feira. Pokémon GO får ein eigen markering med ei ny hending ein kan betale for å vera med på, nye Pokémon kort er annonsert, og Nintendo Switch konsollen får nye spel og kanskje til og med får me sjå remakes av kjende gamle Pokémon spel. Kanskje vil 2021 bli eit enda større år for Pokémon enn 2020. For det er synd viss det må ein pandemi til for å gjera eit av verdas største kulturfenomen relevant.