Nordmenn svindlet for 17 millioner kroner

Nyhetsartikkel - Mathea Arsky

Politiets nettpatrulje har advart om nettbanksvindel gjennom en facebookmelding. Til sammen er rundt 200 personer antatt rammet. Politiet har mottatt varsler fra 50 personer i alderen 20-90 år som til sammen er frastjålet 17 millioner kroner. 

Foto: Sharon McCutcheon/Unsplash

Foto: Sharon McCutcheon/Unsplash

Tegn tyder på at det er de samme gjerningsmennene som står bak handlingene, da fremgangsmåte for uthenting av penger er gjennomgående lik:

-Alle dei fornærma har blitt kontakta av personar som gir seg ut for å vere frå norske eller utanlandske bankar, finansinstitusjonar, tradingselskap eller liknande. Alle har oppfordra nettbankkundane om å nytte BankID til verifisering. Dei har blitt vist til noko som framstår som heimesida til banken eller selskapet. Dette er i realiteten fiktive sider, der informasjonen som vert lagt inn vert nytta til å tappe kontoen til dei fornærma. Pengane vert overført til mellommenn og vidare omsett til kryptovaluta, skriver politiet på facebook

Sunt vett kan hindre svindel

På Nordea sine nettsider skriver de at nettbasert svindel er økende, og de råder derfor kundene sine til å være føre var for manipulasjon og lureri.

Politiet ender facebookmeldingen med råd for å unngå slike typer svindel:

- Ikkje oppgje passord eller kode frå kodebrikka du nyttar til BankID til andre. Dette gjeld på telefon, via epost eller på usikre nettstader

- Ikkje nytt BankID på nettstader du ikkje er 100% sikker på

- Sjå etter ein hengelås i adressefeltet i nettlesaren. Dette er teikn på at nettsida er kryptert og eigaren bekrefta

- Sjekk at adressefeltet i nettlesaren (URL) ikkje inneheld mange tal, symbol og bokstavar utan betyding

- Har du mistanke om at andre kan ha nytta din BankID; sjekk nettbanken din snarast og meld eventuelt frå til banken

Desse råda frå Europol og Kripos kan også vere nyttige:

- Berre kjøp eller legg inn informasjon frå kjelder du stolar på

- Tenk deg om før du samtykkjer til at betalingsinformasjon vert lagra på nettstaden

- Bruk kredittkort ved netthandel

- Kontroller regelmessige betalingar

- Ta vare på kvitteringar/dokumentasjon på nettkjøp

- Ikkje send pengar til nokon du ikkje kjenner