Nye verktøy mot falske nyheiter

Nyheitsartikkel - Lasse S. Andersen

Fleire sosiale medieplattformer har no tatt i bruk nye verktøy i kampen mot falske nyheiter, konspirasjonar, og misinformasjon. Det er no to veke igjen til presidentvalet i USA, og med 2016 valet klart i bakhovudet, er det ingen tvil om at desse nye tiltaka er høgst nødvendig, dog kjem dei kanskje for seint.

Skjermdump av president Donald Trump sin twitterfeed med varsling.

Skjermdump av president Donald Trump sin twitterfeed med varsling.

Tidlegare i vår byrja Twitter å varsle brukarane før dei retweeta nyheitsartikklar på plattformen. Hensikta ifølgje Twitter var å begrensa deling av artikklar og nettstader brukarane ikkje hadde trykt seg inn på, og dermed ikkje hadde full oversikt over sjølve innhaldet.

Allereie i september delte kommunikasjonsteamet til Twitter ei oversikt over effekten varslinga hadde hatt. Brukarar opnar no lenkene 40% oftare, og 33% opnar artiklar før dei deler vidare. Dei rapporterte også at nokre brukarar ikkje delte artikkelen etter å ha lest gjennom den.

Liknande tiltak såg me ellereie ei månad etter presidentvalet i USA i 2016 da Facebook, etter krass kritikk for å ha mogleggjort spreiing av falske nyheite på deire plattformer, ga brukarane moglegheita til å rapportera nyheitsartikklar som falske. Rundt same tid vart også lagt til varslingar på artikklar med tvilsamt innhald. Små tiltak i riktig retning.

No har også Twitter lagt til denne varsling funksjonen. Forskjellen er at dei har gjort den mykje mindre diskret. Når ein brukar deler ein artikkel som strider med plattformen sine retningslinjer ang. misinformasjon vil brukaren bli varsla. I varslinga vil brukaren få moglegheita til å bli vidareført til meir informasjon om temaet i artikkelen før dei eventuelt kan dele.

Twitter skal også implementera nye restriksjonar for deling for amerikanske brukarar. Politikarar og brukarar med mykje engasjement vil bli møtt med fleire varslingar som dei som vil sjå desse tweetane må klikke seg gjennom. Desse kan heller ikkje bli delt på same måte som vanlige innlegg. Det er heller ikkje mogleg å kommentere eller like innlegga.

Bekymra for presidentvalet

Twitter meinar at desse tiltaka er nødvendig for å stoppe spreiinga av misinformasjon, særlig no i tida før valet 3. november. Tiltaka skal etter planen kun vara i frå 20. oktober og fram til valet, men kan bli permanente løysingar, også globalt. Twitter nemner også at dette er berre ei av mange tiltak dei har igangsatt etter lærdommen frå bl.a. presidentvalet i 2016, og ytterlegare val, som dei vil fortsette å jobbe med framover.

Facebook har også årets presidentval i tankene og har førebudd eit eige informasjonssenter for valet for å sikra at brukarane får oppdatert og faktasjekket informasjon. Dei skal også stoppe politiske reklamer etter valet for å sikra at brukarane ikkje vert møtt med misinformasjon om val-resultata. Grunna Covid-19 pandemien vil ikkje resultatet vera klart på val-natta som vanleg og det er grunna til å tru at fleire vil annonsera val-seier før resultata er inne.