Snapchat tar opp kampen mot TikTok

Artikkel - Lasse S. Andersen

Snapchat introduserte nyleg Spotlight, ein TikTok liknande kort-video strøm. Allereie i sommar såg me betatesting av funksjonen som no har komet for fult og tatt opp konkurransen mot deira kinesiske konkurrent. Eller har den det?

Skjermdump frå Spotlight introduksjonsvideo.  Opphavsrett: Snapchat / GIF: Snapchat

Skjermdump frå Spotlight introduksjonsvideo. Opphavsrett: Snapchat / GIF: Snapchat

Det er svært få tilfelle der ein sosiale media plattform har blitt meir populær enn den dei har prøvd å etterlikna. Snapchat, som originalt introduserte konseptet stories, vart kopiert av Instagram, som igjen vart kopiert av Facebook. Instagram Reels er ein kopi av TikTok. Facebook Gaming er ein mindre populær kopi av Twitch. Messenger Rooms skulle konkurrera med Zoom. Og me må ikkje gløyma den originale kort-video plattformen Vine, som kom og gjekk lenge før TikTok, Reels, og Spotlight.

TikTok i gul drakt

Det er lite som skill Spotlight frå TikTok både i form og innhald. Du blar på sama måte og møter på relativt det sama som på både TikTok og Reels. Litt meir norsk innhald så langt på Spotlight enn andre plattformer, men kvaliteten er betrakteleg dårlegare. Det er tydeleg at ikkje alle har skjønt poenget med funksjonen.

Det er så langt ingen profiler å følge, men moglegheita til å abonnere er der, dog kun hos nokre få utvalte kreatører. Det er heller ikkje mogleg å kommentera eller setta videoane på pause.

Ei av fallgruvene Spotlight har unngått er at ein ikkje kan lasta opp videoar frå andre stader. Instagram sin Reels er svært prega av dette, ettersom mange heller lastar opp TikTok videoar enn å lage eiga innhald.

Spotlight er så langt tilgjengeleg for alle Snapchat brukarar i USA, Canada, Australia, New Zealand, Storbritannia, Irland, Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, og Frankrike via den nye femte knappen nederst til høgre i appen.  

Lokker kreatører med store pengesummer

I eit håp om å lokke kreatørar som allereie har etablert seg på andre plattformer lover Snapchat eit enormt pengeutbytte til dei beste Spotlight klippa. Så langt vert det satt av ein million dollar kvar dag fordelt på dei kreatørane som har skapt mest engasjement rundt deira klipp, i form av likes, delingar, og kor mange sjåarar som har sett heile klippet og ikkje berre bladd delvis forbi. Dette er nokså likt TikTok sitt Creator Fund som delar ut pengar til dei beste kreatørane.

Kven som får utdelt desse pengane er det Snapchat teamet som skal bestemma. Men er det eigentleg nok? Dette vil definitivt gjera det interessant for kreatørar som allereie har eit dedikert publikum, og som enkelt kan flytta delar av publikumet til Spotlight. Men vil det vera nok for vanlege brukarar som allereie har slått seg til ro med TikTok?

Kun fordi det er nytt og spennande betyr ikkje at det vil overleva lenge. Dei fleste hugsa kanskje Google +, og nokre få av oss hugsa kanskje til og med Vero?