Den amerikanske valkampen inntar Animal Crossing: New Horizons

Nyhetsartikkel - Lasse S. Andersen

Den amerikanske valkampen tok førige veke ei ny vending. Biden-kampanjen lanserte fleire offisielle hageskilt i det populære Nintendo spelet Animal Crossing: New Horizon.

The Verge skriv at frå 1. september kunne 22 millionar Animal Crossing-spelarar setta opp Team Joe skilt i hagen for å visa deira støtte til demokratane sin president- og visepresident kandidat Joe Biden og Kamala Harris. Skilta som er lagt til spelet har den offisielle «Biden-Harris» logoen, «Team Joe» logo, «Joe Pride» logo, og eit med bilete av Joe Biden sine karakteristiske pilotbriller i raudt, kvitt, og blått.  

Biden-kampanjens sjef for digitale partnarskap seier til The Verge at under innspurten mot valet i november er dette ein kreativt og innovativ måte å møta veljarane der dei er.

Flyttar valkampen online

Dette er nok eit tiltak frå Biden-kampanjen der hensikta er å flytta den amerikanske valkampen over på nett. Etter at korona-pandemien nådde USA tidlegare i år har årets valkamp vore svært redusert samanlikna med tidlegare presidentval. Dei nasjonale samlingane, som tidlegare har samla fleire titals tusen amerikanarar, har blitt bytta ut med direktesendte taler via Zoom og sosiale media. Demokratane sin nasjonale konvensjon vart også gjort digitalt i år der fleire av deltakarane hadde spelt inn sine talar på førehand.

Om hageskilta vil ha ein påverknadskraft hos ubestemte veljarar er lite sannsynleg seier Magnus Hoem Iversen, postdoktor ved Universitetet i Bergen, til Aftenposten. Men understreker samstundes at dette er noko me kjem til å sjå meir av i framtida, “…folk liker å vise hvem de er. Og spesielt i USA liker folk å markere politisk ståsted”.