Frå gaming til «the dark web»: Korleis høgreekstreme rekrutterer

Artikkel - Lasse S. Andersen

Illustrasjon: Lasse Styve Andersen

Illustrasjon: Lasse Styve Andersen

Kjært barn har mange namn; kvite nasjonalistar, høgreekstreme, reaksjonære konservative, nazister, eller kva enn dei føretrekker. Det er ei lita og fragmentert gruppe med hovudsakleg kvite menn med anti-demokratiske holdningar som assosierast med framandhat, konspirasjonsteoriar, og politisk vold. Desse gruppene eksistera i alle vestlege land. Dei er små, men veks stadig og har eit tydeleg nærvær på det mørke nettet, ute av synet for oss andre.

Høgreekstreme åtak skjer også meir hyppig enn før ofte fordi ein vert lett inspirert av andre høgreekstreme som tidlegare har fått stor merksemd for deira åtak. Terroråtaket i Al-Noor-moskeen i Bærum 10. august 2019 tok inspirasjon frå terroråtaket på to moskear i byen Christchurch på New Zealand 15. mars 2019 som igjen tok inspirasjon frå terroråtaket på Utøya i 2011. Desse er på ei liste av terroråtak utført av høgreekstreme som har vert filma og sendt direkte på nett. Desse er relativt unge, lett påverkelege menn med eit forstyrra verdssyn.

No er det ikkje slik at alle som vert assosiert med desse gruppene kjem til å følgja dei sama spora, men delar av kulturen deira innebere oppmoding til slike handlingar og dess fleire som deltar og sluttar seg til deira ideologi dess fleire slike åtak kjem me til å oppleva.

Så korleis veks denne kulturen? Det er ikkje slik at ein lett kan navigera det mørke nettet slik ein kan med det organiserte nettet me kjenner til, for å så tilfeldigviss finne fram til høgreekstreme forum og nettstader. Dei som er ute etter å rekruttera nyttar plattformer lett tilgjengeleg for folk flest, da særlig unge gutar.

Foto: Skjermdump4chan er eit av mange nett forum som ofte vert nytta som rekrutteringsarena.

Foto: Skjermdump

4chan er eit av mange nett forum som ofte vert nytta som rekrutteringsarena.

Rekruttering til høgreekstreme miljø er ikkje nytt, men det er metoden dei nytta i dag. Dei har gått frå flygeblad og stands til nettforum og gaming. I følgje amerikanske NPR er online gaming og assosierte «chat-rooms» og «live-streams» ein god måte for høgreekstreme å finna potensielle rekruttar. Videospel vert i større grad spelt på nett saman med andre ukjende spelarar, dette gjer det enklare å nå ut til fleire. Prosessen rekrutterarane nyttar inneheld bruk av rasistiske ord og uttrykk mens dei spelar for å teste responsen frå dei andre spelarane. Viss responsen er positiv tar dei kontakt og opparbeider eit venskapeleg forhold til dei potensielle medlemane før dei sender lenker til høgreekstreme forum som då leiar dei vidare til det mørke nettet. Relasjonsbygging er viktig slik at dei nye medlemmane kjenner seg velkommen og får kjensla av at dette samholdet er det dei har lengta etter.

No er det ikkje slik at alle som ropar rasistiske uttrykk mens ein spelar er potensielle høgreekstremistar, då hadde store delar av gaming kulturen vore i faresona. Megan Condis, professor ved Texas Tech, anerkjenner i eit intervju med VOX.com at det er fleire typar gutar og menn som spelar skytespel på nett, der ein type, som gjerne vil kalla seg sjølv “autentisk gamer”, vil reagera negativt til dei som infiltrerar deira boble, noko høgreekstreme ser på som ein potensiell egenskap for vidare innverknad. Med riktig stimulus kan eit allereie eksisterande sinne enkelt bli styrt i ynskja retning.

I tillegg til gaming har høgreekstreme òg eit særskilt nærvær på forum der unge menn, gjerne med interesse for norrøn mytologi, memes, og gaming, oppheld seg. Her oppfordrar dei ofte til diskusjon om identitet og kultur i eit forsøk på å framheve den kvite kulturen og korleis den kvite rasen er den eigentlege minoriteten. Dei som sympatiserer med dei blir sendt vidare til nettstader dedikert til nasjonalisme, anti-semitisme og rasisme.

Slike nettstader oppstår og vert tatt ned støtt og stadig, problemet er det at etter dei er tatt ned flyttar dei seg til det mørke nettet. Der blomstrar dei fritt utan innverknad frå utanforståande. Det er der dei rekrutterte landar og blir verande, i eit hav av nettstader og forum, med eigne radiosendingar om den kvite rasen og fri tilgang til dokumenter og dokumentarar om den “eigentlege sanninga”.