Slukt av storbyen

Artikkel - Lars Daniel S. Tenfjord

Pandemievinteren gjeng mot slutten, men muterte virusvariantar ligg framleis som eit iskaldt snøteppe over Oslo. Kva kjem til syne når all snøen i hovedstaden endeleg har smelta vekk?

Det gjeng mot vår i hovudstaden, og mange håper nok at sola viser seg mykje i tida framover. Foto: Daniel Charles Hextall / Unsplash

Det gjeng mot vår i hovudstaden, og mange håper nok at sola viser seg mykje i tida framover. Foto: Daniel Charles Hextall / Unsplash

Mange har slitt psykisk under korona

I ein undersøking frå Folkehelseinstituttet kjem det fram at fleire har slitt med einsemd og psykiske plager under koronapandemien. Særleg er det unge og aleinebuande studentar i Oslo og Bergen som skil seg ut i negativ retning. Ein av fire fortel at dei ikkje nøgd med livet og at den psykiske belastninga har vore stor. Bergen og Oslo har hatt dei mest inngripande smittevernstiltaka over tid og Folkehelseinstituttet antyder at dette kan vere grunnen til kvifor desse byane kjem dårleg ut.

No har det godt frå vondt til verre i hovudstaden, og innbyggjarane blir nøydt til å leve med enda meir inngripande tiltak enn det som har vore tidligare. Når regjeringa ber deg treffe færrast mogleg, og serveringsstadar, kulturtilbod og møteplassar er stengd – er det få stadar som kan sluke deg slik som ein storby. Men kanskje har teknologi og alternative røyndomar, hjelpt mange med å halde seg på overflata det siste året.

Trøyst i teknologien

Å kunne forlate den audmjuke studenthybelen og forsvinne ned i ein god film, eit artig spel, ei fin speleliste eller tidsfordrivande sosiale medium som TikTok og Instagram, har nok for mange vore eit viktig avbrekk i frå saknet etter sitt vanlege liv. Å rømme, eller ta seg ei pause frå røynda – vert gjerne omtalt som eskapisme. Ofte brukast dette omgrepet negativt, då ein tenkjer at folk rømmer ned i fiksjonen, fordi ein ikkje taklar det verkelege liv.

Det har vore ein lang vinter for mange.  Foto: Andreas Dress / : Unsplash

Det har vore ein lang vinter for mange.
Foto: Andreas Dress / : Unsplash

Men når mykje av det som gir livet meining og substans har blitt satt på vent, er det nok heilt naturlig at folk i større grad søker fiksjon og underholdning.

Som ung student er det å utforske både studiestad og studielitteraturen i lag med andre, mykje av det som er gleda med å vere student. Ein skal bli forelska, feste, få nye vener og skape minner for livet. Det er jo det som er studietida for dei fleste.

Meir mediebruk i pandemien

29.januar i år la Meditilsynet fram ein omfattande rapport om mediebruk i Noreg. Her kjem det blant anna fram at både nyheitsinteressa, men og den generelle mediebruken til nordmenn auka under koronapandemien.  

Nyheitinteressa heng nok saman med at det har vore eit stort informasjonsbehov i befolkninga, men det er nok og nærliggande å tru at den generelle auka i mediebruken heng saman med meir tid heime, og mindre tid på fritidsaktivitetar i samvær med andre.

Foreløpig har ein ikkje forsking som viser at auka mediebruk under korona er verken positivt eller negativt. Ein veit derimot at mange har kjent seg både einsam og nedstemt.

Og når du bor i ein studenthybel på 15 kvadrat, og må vere fulltidsstudent frå ein kombinert stue, soverom og kjøkken-variant - er det nok ikkje rart at folk prøver å røyme frå tilværinga.

Takler kriser ulikt

Ein skal sjølvsagt ikkje verte perspektivlaus, og det er mange som har det verre enn nordmenn flest. Men menneske treng menneske, og når livet ikkje blir slik ein har håpt og drøymd om - er det lov å ha det kjipt.

Vi menneske er ulik, og vi taklar krisesituasjoner ulikt. Koronapandemien ser ikkje ut til å gå mot slutten i nærmaste framtid, men når samfunnet ein dag opnar, kanskje til hausten, eller kanskje neste år, vert det spennande å sjå kva konsekvensar som sakte men sikkert kjem til syne.

Covid-19 er eit virus som i seg sjølv ikkje gjer forskjell på fattig og rik. Og pengar og rikdom er heller ikkje den einaste valutaen.

Kva med dei som bur aleine? Får dei ein klem når det endeleg vert vår?