Oscar-slaget som sendte sjokkbølger

Du har nok levd under ein ganske stor stein dersom du ikkje har fått med deg at Will Smith klaska til Chris Rock på Oscar-utdelinga førre helg. Men kva har eigentleg skjedd sidan? Her får du ei aldri so lita tidsline over det viktigaste som har gått føre seg sidan Smiths fatale fik.  

Den 94. Oscar-utdelinga blei ein kveld for historiebøkene. Foto: Mirko Fabian / Unsplash

Eventrik Oscar-kveld

Kvelden då den 94. Oscar-utdelinga blei halden i Hollywood, var eventrik og historisk på fleire vis, som PRESSET.s eigen sjefredaktør Steffen Tomt dekka i ein artikkel førre veke. Utdelinga gjekk nemleg ikkje smertefritt føre seg, bokstavelig talt, ettersom Will Smith fika til komikar Chris Rock framfor den fullsette salen. Saka har vore generøst dekka i fleire medier både innanlands og internasjonalt. Hendinga blir omtalt som noko for historiebøkene! Vi i PRESSET. er heller ikkje ferdig med saka heilt endå. Slik det også viser seg, er det først i etterkant av sjokket slaget skapte at vi ser dei store verknadane av hendinga.

Uttalelser på rekke og rad

Oscar-akademiet har fått mykje kritikk for korleis dei handterte situasjonen. Fleire kritikarar meiner akademiet spelte ned heile hendinga og slik NRK skriv, skal dei ha nekta journalistar å spørje om det i presserommet. I etterkant har akademiet kome ut med ein uttalelse der dei fordømmer all vald, og informerer om at dei har sett i gong ein gransking av saken. Kva straff som ventar Smith, er ikkje sikkert endå. Fleire andre offentlige profilar har også uttalt seg om hendinga. Skodespelar Jim Carrey uttalte blant anna at han blei kvalm av den ståande applausen Smith fekk under takketalen sin. Han kallar Smiths handling egoistisk, og kritiserer akademiet for å ikkje handle raskt nok. Til slutt kom også Smith sjølv med ein uttalelse, i typisk kjendis-stil på eigen Instagram-profil; @willsmith.

Slaget som sjokka verda

Oscar-utdelinga har ein lang historikk av skandalar og sjokkerande hendingar. Årets utdeling blei diverre også prega av ei slik sjokkhending. Dei heile starta då komikar Chris Rock slo av ein vits retta mot Jada Pinckett Smiths skalla sveis med referanse til filmen G. I. Jane. Pinckett Smith har alopecia, og lir av hårtap. Vitsen fall tydeleg ikkje i god smak hos henne. Smiths løysing var å storme scena og klaske til Rock, etterfølgt av eit par utrop frå salen; «Keep my wife’s name out your f—king mouth!».

Dette sjokkerte alle i salen, og fleire trudde at det var eit iscenesett stunt der og då. På amerikansk TV blei ein del av det sensurert. Augneblink etter vann Smith sin første Oscar for Beste Mannlige Skodespelar til ståande applaus.

«I was sickened by the standing ovation. I felt like Hollywood is just spineless.»
- Jim Carrey om Oscar-dramaet.

Rocks turné med kjempesal!

I hendingar som desse vil det alltid kome til å vere vinnarar og taparar. Slik det ser ut per no, er det Rock som rir seiearande ut av slaget! Billettsalet på den komande turnéen hans, Chris Rock Ego Death Tour 2022 har nemleg skote i verda. Fleire har også fått auga opp for komikaren som i lang tid har gått noko under radaren for mange i komikarverda. Karrieren til Rock har blitt slått i riktig retning av Smith, bokstavelig talt. Fleire har også skrytt av måten Rock handterte situasjonen på, og korleis han heldt seg profesjonell under resten av Oscar-utdelinga. Det er ingen tvil om kva side dei fleste er på, og det er Rocks. I etterkant av hendinga ser vi også at det spøker for Smiths komande filmprosjekt, som blir utsett og kansellert. Eitt klask, og Smiths karriere har fått seg ein skikkelig støyt. Kor lenge dette “film-fengselet” vil vare derimot, er uvisst.

Smith-peik på Grammys!

Natt til måndag blei den 64. Grammys-utdelinga halden i Las Vegas. Heldigvis gjekk denne prisutdelinga noko rolegare føre seg enn Oscar-kvelden, utan eit einaste fik i sikte. Som venta dukka det likevel opp nokre referansar til Smith-hendinga i løpet av utdelinga. Kveldens eigne konferansier Trevor Noah sparka i gong eventet med ei innleiing om kva Grammy-utdelinga faktisk skal handle om. Og kva den ikkje skal handle om. Noahs subtile åtvaring «We’re gonna be keeping people’s names out of our mouthes» peika utan tvil til Oscar-sjokket helga før. Skodespelar LeVar Burton åtvara også om at prisutdelaren etter han er ein komikar. Burton oppmoda alle i salen om å «remain in your seats and keep your hands to yourself!». Komikaren Nate Bargatze følgje dermed opp stikket, og dukka opp iført beskyttande hjelm då han skulle dele ut prisen for Best Spoken Word Album;

«They said, uh, comedians have to wear these now at award shows during their joke parts..», spøkte Bargatze.

Questlove leverte også eit siste peik med «I’m gonna present this award and I trust that you all stay 500 feet away from me... just playing”. Musikaren meiner han ikkje fekk med seg sjølve Oscar-klasket fordi han mediterte. Kanskje Smith bør ta nokre meditasjonstips frå Questlove til neste utdeling. Dersom han får kome attende då, og det spøker for det skal vi tru Oscar-akademiet.