Ny kvardag - nye medievanar?

Artikkel - Ragnhild H. Eikeland

Er du ein av dei som alltid har noko på øyret? Den heildigitaliserte koronakvardagen kan ha utstyrt oss med uønskte medie- og teknologivanar. I møte med den nye kvardagen kan vi godt legge att nokre av desse vanane og lage rom for nye. Legg AirPodsa i etuiet neste gong du går ut døra, så set du kanskje pris på ein litt mindre medietung kvardag enn før!

Bruk og sal av blant anna AirPods har skote i vêret sidan koronaåret 2020. Foto: Omid Armin / Unsplash

Medievanar frå koronakvardagen

Kanskje du aldri gjekk ut døra utan AirPods og ladeetui også før koronapandemiens tid. Likevel, er det ikkje utenkeleg at pandemien kan ha gjeve oss nokre uønskte medievanar. No når vi vendar attende til kvardagen, har vi moglegheita til å definere den på nytt på eit vis. Nedstenging og strenge restriksjonar kan ha gjeve oss nye perspektiv på kor digitaliserte liv vi faktisk lever. Fleire av oss sit kanskje på ei kjensle av mettheit ovanfor alt teknologisk og digitalt. No møter vi alt frå nære vener og kjenningar, til framande menneske i løpet av ein dag. Korleis vil vi at desse møta skal vere?

Rekordsal av trådlause øyretelefonar

Salstala av trådlause øyretelefonar er eit tydeleg teikn på at desse er ein aukande teknologitrend blant nordmenn. Ifølge Elektronikkbransjen blei det seld over to millionar hovudtelefonar og øyreproppar i koronaåret 2020. Blant desse tala var 83 % av dei selde øyreproppane trådlause. Truleg skuldast store delar av desse tala koronapandemien, då heimekontor, heimeskule og heimetrening blei realiteten for dei fleste. Under den digitaliserte koronakvardagen kunne nok mange også kjenne på behovet for å stenge ute lyden av kollektivet eller familien i blant. AirPods og liknande er dermed blitt ein stor del av nordmenns medie- og teknologivanar. Men treng vi å alltid ha noko på øyra?

Mange eldre er einsame. Foto: Jeff Sheldon / Unsplash

Ei tid prega av einsamheit

Ein kan ikkje sjå vekk ifrå at teknologien knytte oss saman under koronakvardagen. Uendelege medie- og teknologimoglegheiter gjorde at mange kjende seg mindre åleine på tvers av nasjonale og internasjonale landegrenser. Sjølv om teknologien har knytt oss saman, har det likevel vore ei tid prega av mykje einsamheit. Under strenge nasjonale tiltak har vi måtte leve med både besøksavgrensingar og meterkrav. Ei undersøking om livskvalitet og psykisk helse under koronapandemien utført av FHI, målte ei betydeleg høgare grad av einsamheit enn tidlegare. Særleg unge og einebuande i Oslo-området skåra høgt på undersøkinga. Einsamheit rammar likevel alle aldrar. Teknologi som AirPods kan gjere oss mindre tilgjengelege for menneskemøter i den nye kvardagen.

Eldre utan medier

Vi må ikkje gløyme kven store delar av koronadugnaden var for, nemleg dei eldre. Den eldre generasjonen har eit heilt anna forhold til medier og teknologi sidan dei vaks opp utan det. Bruk av slike medier kan verke utfordrande å sette seg inn i for mange eldre. Det er heller ikkje sikkert dei får like stor glede eller nytte av det som oss yngre uansett. Proppane i øyra våre kan signalisere at vi ikkje er tilgjengelige for interaksjon. Sjølv opplever eg at eldre er kontaktsøkande ute i samfunnet. For nokre eldre kan turen til den lokale matbutikken vere det einaste møte med eit anna menneske den dagen. Eg har stadig vekk opplevd å ha fine møter og samtalar med eldre sidan samfunnet opna opp att. På det lokale kafébakeriet, ved ferskvaredisken på Coop, eller på tur i parken. Det skal heller ikkje mykje til! Eit venleg smil kan løfte dagen fleire hakk. I mørkare tider som desse blir det også viktigare med slike møter.  

Tid for nye vanar?

Til sist kjem ei oppmoding til å først og fremst tenke over kva medievanar vi har tatt med oss frå koronakvardagen. Dersom du er ein av dei som alltid har noko på øyret, kan dette vere ei utfordring til å gjere ei lita endring. Kanskje har koronaperioden gjeve oss eit nytt perspektiv på rolla medier og teknologi spelar i kvardagsliva våre. No når vi faktisk kan møte menneske att, kan vi tenke over korleis vi vil at desse møta skal vere.

Det er kanskje ikkje med lyddempande AirPods i øyra til ein kvar tid.