Tilbake til samtalen

Artikkel - Paula J. Ullaland

Ikkje ein ukjent positur før binge watching. Foto: Mollie Sivaram / Unsplash

Etter 562 dagar kunne vi endeleg feire og helse samfunnet vårt god betring frå ei periode prega av einsemd, isolasjon, avstand – og binge watching på Netflix. Utan eige abonnement på den populære strøymetenesta, eller utspekulerte idear om å skaffe seg tilgang gjennom ein ven av ein ven sin naive godvilje, har det vore uventa vanskeleg å delta i samtalen.

Det viser seg nemleg at det ikkje berre er hosting og kosebukse som har blitt symptom på samtida. Den popkulturelle samtalen har vore dominert av det strøymetenesta Netflix har hatt å tilby i augneblikket. I alle fall kan det verke slik for ein som meg som ikkje har hatt tilgang på hovudkjelda til binge under store delar av pandemien.

Den gode samtalen

Eg må innrømme at å avslutte Netflix-abonnementet var ein til dels frivillig avgjersle. Tid er pengar, og tid på Netflix er ikkje billig for ein student. I byrjinga kjentes det eigentleg heilt supert å ikkje ha moglegheit til å bruke heile dagen på å sjå seriar, men som med mykje anna: «Etter den søte kløe kjem den sure svie». Etter kvart tok eg meg sjølv i å regelmessig uttrykkje «Eg har ikkje Netflix!» i alle slags samtalar. Det som skulle bli mi frigjering viste seg å vere eit fengsel frå den gode samtalen.

Då samfunnet stengde ned, inkludert kinosalar og andre kulturmøtestadar, søkte mange logisk nok til skjermen for påfyll av underhaldning og tidsfordriv. Den gjennomsnittlege nordmann med tilgang på Netflix, og då meiner eg utelukkande Netflix (og ikkje andre tenester som til dømes Disney+ eller HBO Max) har kanskje ikkje tenkt over i kva grad det vi har snakka om under pandemien har vore styrt av den raude N’en. Kanskje, kanskje ikkje.

Netflix har dominert popkulturen under pandemien. Foto: Giordano Rossoni / Unsplash

Mitt sosiale dilemma

Ein kan nemne i fleng; Tiger King, Queen’s Gambit, Squid Game, Bridgerton, Young Royals, til og med Emily in Paris har eg gått glipp av. Utan dei ferskaste TV-seriane på netthinna, har mang ein samtale gått i stå. Til og med i forelesing har eg opplevd det å ikkje ha Netflix som ei hindring. Eg veit framleis ikkje kva som er dilemmaet i The Social Dilemma. Eg har lite å bidra med når folk hevdar at Love is Blind, eller spør kven som går igjen i Bly Manor.

Så kvifor kan eg ikkje berre krype til korset, be om tilgjeving og ta abonnementet tilbake? No er det ikkje slik at eg har meldt meg ut som ein protest mot skjermens makt over den nye generasjonen eller noko sånt. Eg har berre tilfeldigvis ikkje Netflix akkurat no.

Parallelt med at vi vender tilbake til ein ny normal, ein ny kvardag, opnar ikkje berre samfunnet opp for fulle konsertar og turar til utlandet. Det opnar òg opp for at vi i lunsjen igjen kan prate om det vi har opplevd og gjort, og ikkje berre kva vi har strøyma sidan sist. At livet snart igjen handlar om meir enn Zoom, mjuke bukser med strikk i livet og surdeigsbrød. Endeleg kan eg vere med i samtalen igjen! Puh!