På tide at influencarane tek meir ansvar!

Kommentar – Lars D. S. Tenfjord

Trening er i vinden som aldri før. Sosiale medium florer av trente kroppar, fancy øvingar og dyre kosttilskott. Men no har eg sett meg lei av forenkla informasjon og dårlige treningsråd. Det er på tide at fleire influencarar tek eit større ansvar! Det fortener ungdommen.

På sosiale medium florer det av treningsrelatert innhald. Foto: Victor Freitas / Unsplash

På sosiale medium florer det av treningsrelatert innhald. Foto: Victor Freitas / Unsplash

Kroppspress

På sosiale medium kryr det av influencarar som legg ut treningsrelatert innhald. Dei postar videoar og bilete av treningsøkter, kosthald og livsstil. Mange har ein stor følgjarbase, og dei frontar ein sunn og flott kropp.

Publikummet deira består gjerne av yngre menneske.

Men kva gjer skjer med unge menneske når dei blir konstant eksponert for desse perfekte kroppane? Klarar dei å ta innhaldet på sosiale medium med ei klype salt, eller kan dette resultere i dårlegare sjølvkjensle?

I den landsdekkjande Ungdata-rapporten frå 2018, kom det fram at heile 71 prosent av elevane på ungdoms –og vidaregåandetrinnet opplevde eit press om å sjå bra ut eller å ha ein fin kropp. For mange er det ikkje lenger nok at kroppen funger slik den skal og er frisk. Kroppen er blitt eit statussymbol, og den skal konstant forbetrast.

I dagens samfunn er telefonen med oss overalt. Foto: Tim Mossholder / Unsplash

I dagens samfunn er telefonen med oss overalt. Foto: Tim Mossholder / Unsplash

Tidligare såg ein flotte kroppar i magasin, filmar og på TV. Det gjer ein framleis. Men sosiale nettverkstenester som Instagram, Tik Tok og YouTube har gjort at desse kroppane dukkar opp stadig oftare. Ifølgje ein NHH-studie frå 2015 sjekkar nordmenn mobiltelefonen i snitt 150 gongar i døgnet. Og den er ofte det første og siste vi sjekkar i løpet av ein dag.

Telefonen er med oss overalt og den er ein stor del av kvardagen. Sosiale medium har ein enorm posisjon i ungdoms populærkultur.

TikTok

TikTok er ein ny gigant innafor sosiale nettverk. Der kan ein leggje ut små videosnuttar og få respons frå dei mange brukarane på appen. Men flesteparten av brukarane på TikTok er berre observatørar. Dei kikar på det andre legg ut. Innhaldet som dukkar opp på TikTok er gjerne tilpassa den enkelte brukaren, så dersom ein er interessert i trening vil ein få opp innhald som handlar om nettopp dette.

Å trene er bra. Det er det ingen tvil om. Og det er bra å vere opptatt av å leve sunt. Og det treng heller ikkje vere noko feil i å ha eit ønskje om å forbetre seg sjølv.

Problemet kan derimot oppstå når kommersielle aktørar henvender seg til unge menneske og viser eit forenkla og unyansert bilete. Ein gjengangar på sosiale medium, er nemleg innlegg av typen: ”Gjer desse tre øvinga for å få six pack” eller ”Gjer desse tre øvingane for å få ei flott rumpe”.

Aktørane som viser øvingane er gjerne influencarar som sjølv har flotte kroppar. Det desse influencarane gjer, er at dei tilbyr folk ein snarveg. Dei legg ut eit agn, som dei sjølv har kommersiell interesse av at unge menneske bit på.

Feil førebilete

Ein av dei som legg ut treningsinnhald på TikTok er argentinaren Sebi. Han har i skrivande stund 2,1 millionar følgjarar og får tusenvis av likes på innhaldet sitt. I ein av videoane er han i ei sauna og skriv ”Vil du ha magemusklar? Prøv dette”, etterfølgt av tre ulike øvingar.

Kva er galt med dette, tenkjer du kanskje?

Det er ikkje er noko galt med øvingane til Sebi i seg sjølv, men det kan derimot oppstå eit problem når han ikkje nyanserer biletet. Du får nemleg ikkje same kropp som Sebi berre fordi du gjer desse øvingane. Faktorar som matval, dagleg kaloriinntak, feittprosent og genetikk spelar i stor grad inn.

Men desse faktorane er det lite fokus på hos mange influencarar. Dei er heller oppteken av å sele treningsprogram, kosttilskot eller å få fleire følgjarar. Ofte har dei heller ingen utdanning som gir dei noko grunnlag til å kunne kaste rundt seg med råd.

Ein finn riktignok mange nyanserte og lærerike stemmer på sosiale medium. Eit døme på dette er norske Sigvar Garfors. Han er styrkeløftar, kroppsbyggjar og personlig trenar. På Instagram har han i overkant av 11 000 følgjarar, og han er også ein del av PT-selskapet mx3.no. Dei kallar ei spade for ei spade, og er opptatt av å formidle fagkunnskap.

– Lettkledde bileter, morosame klipp, bastante og kontroversielle meiningar og karismatisk personlegdom selger. Men mange influencarar med ein drøss av følgjarar promoterer produkt i aust og vest fordi dei får betalt for det – ikkje nødvendigvis fordi dei ønskjer å hjelpe deg, skriv mx3.no på Instagram 11. mai.

Forbrukartilsynet er ein instans som blant anna skal sørge for at influencarar held seg til reglane om å markere annonsert innhald. Dette er bra. Men ein treng og stemmer som henvender seg direkte og er til stades der ungdommen er. Ein treng gode førebilete. Sigvar Garfors er ein av desse.

Må ta eit større ansvar

Eit anna godt førebilete er Martin Brevig, eller Treningsfysiologen. Han lagar treningsrelatert innhald på TikTok og brukar sin fagkompetanse innafor trening til å nyansere og til å komme med fagkunnskap.

Blant anna skriv Treningsfysiologen at det ikkje gjeng ann å forbrenne fett spesifikt på magen, slik mange treningsinfluencarar derimot hevder i sine videoar. Han legg også vekt på at fleire treningsinfluencarar berre viser ein brøkdel av dei øvingane og treningsøktene dei gjennomfører for å oppnå den fysikken dei har.

Det ligg årevis med hard trening bak , og det er ingen treningsprogram eller lovlige kostilsskott som er magiske.

Så spørsmålet er om fleire av dei som legg ut treningsinnhald på sosiale medium burde ta eit enda større ansvar.

Mange av dei store influencarane er fullstendig klar over at dei er eit førebilete for mange yngre følgjarar, og ungdomstida er sårbar og prega av mykje usikkerheit for mange. Mobiltelefonen og sosiale medium er ein stor del av kvardagen, og det har vekse fram ein ny type kjendisar.

Det er fint at mange frontar sunne verdiar som trening og kosthold.

Men det er ikkje greit å utnytte ungdommars sårbarheit og mangel på kunnskap, gjennom å tilby enkle utvegar som ikkje gir forventa resultat.