Lil Nas X - ein avantgarde i hiphop

Artikkel - Paula J. Ullaland

Old Town Road, Montero (Call Me by Your Name) og Industry Baby. Heilt frå starten av har Montero Lamar Hill, betre kjent som artisten Lil Nas X, posisjonert seg som ein avantgarde. 22-åringen har ikkje berre vist kvar grensene går, men også gjort eit banebrytande arbeid for å flytte dei. Lil Nas X er eit symbol for den nye hiphopen. Her er nokre av grunnane.

Denne teksten er inspirert av Khadija Mbowe sin video «Who's afraid of Lil Nas X? | Pop-Culture Analysis», og vil ta utgangspunkt i hennar argumentasjon.

gordon-cowie-qQzw8jPvip8-unsplash.jpg

Hip hopen utviklet seg som sjanger fra, og tok virkelig av på 80-tallet. Foto: Gordon Cowie / Unsplash

Starten

Då songen Old Town Road kom ut i 2018 fekk den raskt mykje merksemd. Ifølgje artisten sjølv, laga han songen etter å ha lest seg opp på popmusikk. I ekte generasjon Z-stil passa hiten perfekt for tiktok, og ved hjelp av video-utfordringar som til dømes #YeeHaw-challenge klatra Old Town Road på Billboardlistene. For første, men slett ikkje siste, gong møtte Lil Nas X reaksjonar frå musikkbransjen.

Litt bakgrunnsinfo: Old Town Road fusjonerer country og rap. Trass i at country har røter i mykje afroamerikansk musikktradisjon, har sjangeren dei siste tiåra blitt varmt omfamna av hovudsakeleg kvite artistar, og musikken har i stor grad eit kvitt publikum. Lil Nas X er svart.

I mars 2019 blir songen fjerna frå countrylistene til Billboard med grunn om at musikken ikkje oppfyller krava for dagens countrymusikk til å fortene å vere på listene. Det stoppa likevel ikkje suksessen, og songen har i dag over ein milliard avspelingar på Spotify.

Ut av skapet

Amerikansk hiphop er litt som norsk elitefotball. Mannsdominert, og usannsynleg hetero. At Lil Nas X kom ut som homofil i juni 2019, viste seg å bli særs viktig for hans vidare karriere. For det første er hiphop ein sjanger som i lang tid har bygga på hypermaskuline trekk. Vald, narkotika og pene damer er ikkje ukjente tema for den gjennomsnittlege hiphop-artisten.

Sidan vi eksisterer i det 21. århundre, er ikkje det å vere homofil så veldig kontroversielt lenger. Å gi djevelen lapdance i helvete skapte tydeleg ein del sterkare reaksjonar. Tidlegare i år kom Lil Nas X ut med den sjølvtitulerte singelen Montero (Call Me by Your Name). Songen bygde tydeleg på skeive tema, og musikkvideoen visualiserte Hill i ulike scener inspirert frå Bibelen. Likevel, noko av det som fekk mest merksemd er scena der artisten sjølv blir sendt på ei strippestong til helvete for å vere homofil, for og så gi djevelen ein lapdance. Igjen, trass i kritikken om djeveltilbeding og blasfemi, toppa songen hit-listene.


Banebrytande og grensesprengjande

Lil Nas X har i løpet av karrieren blitt nesten like kjent for musikkvideoane som musikken i seg sjølv. Industry Baby er ikkje noko unntak. Der Hill i Old Town Road flørtar med cowboy-estetikken, og i Montero tar opp konflikten mellom skeiv seksualitet og det kristenkonservative, får vi sjå korleis den tradisjonelle, heteronormative hiphopen blir utfordra.

Khadija Mbowe poengterer at noko av det som gjer denne musikkvideoen så spesiell, er korleis Lil Nas X går inn i den stereotypiske rolla ein ofte ser afroamerikanske menn har i populærkultur. Han har grills på tennene, tatoveringar på brystet og fleksar musklane i fengsel. Samstundes får vi servert heftige dansekoreografiar som ein vanlegvis ville ha sett hos kvinnelege popstjerner. Musikkvideoen utfordrar forventingar ein har til korleis hiphop skal vere. Han utfordrar òg stereotypien ein ofte får i media av homofile menn som «sassy» og feminine. Det skapar ein spennande dynamikk. Lil Nas X har i Industry Baby tatt på seg ei rolle med hypermaskuline trekk, men likevel dansar som Beyoncé og flørtar med veltrente menn heller enn lettkledde damer.

Punk og rock har lenge vore musikken for den foreldreopprørske. I dag kan ein argumentere for at hiphop i meir eller mindre grad har tatt over denne rolla. Det faktum at Lil Nas X heilt frå starten av har møtt kritikk frå det etablerte, men likevel halden fram med sitt, og samstundes oppnådd stor suksess, er viktig. Lil Nas X utfordrar hiphop som musikksjanger, men stiller også spørsmål ved musikkindustrien, rasisme, religion kjønnsroller, legning, og våre eigne fordommar og forventningar.