Gjenåpning av Noreg - og eit yrande kulturliv!

Artikkel - Ragnhild H. Eikeland

Ei tid etter klokka 16 førre laurdag var du kanskje på ein sveitt, intim Oslo-klubb og dansa tett i tett med dine nærmaste og fjernaste venner. Eller kanskje var du ein av dei som gispa etter luft i ei trang kø for å sleppe inn på dansegolvet? Uansett er slutten på en altfor lang nedstenging verdt å feire! Harde restriksjonar har satt spor i oss alle. Ikkje minst i kulturbransjen. No kan vi sjå fram til eit yrande kulturliv, om kanskje litt annleis enn før.

Gatene i Oslo myldra av folk som feira Noregs gjenåpning. Foto: Mattias Milde Amland.

Gatene i Oslo myldra av folk som feira Noregs gjenåpning. Foto: Mattias Milde Amland.

Gjenåpningsfest!

25. september 2021 blei ei festhending utan like, idet Noreg, etter eitt og eit halvt år, gjekk for full gjenåpning. Denne dagen vil gå ned i norsk historie som då nærmast alle nasjonale restriksjonar blei oppheva, og vi fekk livet tilbake. Gjenåpning av landet tyder ei gjenåpning av kultur-Noreg. Vår festlege kulturminister Abid Raja slo seg laus med sine beste dansemoves på Kulturhuset i Oslo. Ein sveitt og god kulturminister som digga med til Jump Around av Cypress Hill kan love godt for kulturlivet framover. Raja la ikkje skjul på kva som gjeld no;

«Vi inntar utelivet og kulturlivet! Jeg oppfordrer alle til å dra ut å danse, på teater, på kino, oppsøke alle arenaene!»

Likevel er det ikkje slik at alt gjekk tilbake til normalen idet klokka slo 16 førre laurdag. Kulturbransjen har opplevd ei rekke opp- og nedturar som følge av nedstenginga. Ei bransje som lever av å samle menneske saman til felles kulturopplevingar har vore nøydde til å tenke nytt for å kunne overleve pandemien. Korleis har ein digital kulturbransje sett ut, og kva ventar av kulturelle hendingar framover?  

Øltørste nordmenn i pubkø førre helg. Foto: Mattias Milde Amland.

Øltørste nordmenn i pubkø førre helg. Foto: Mattias Milde Amland.

Motvind for kultursektoren

Lat oss først og fremst sjå tilbake på utfordringane kulturbransjen har støtt på i møte med koronavirusets innmarsj. Noregs nedstenging 12. mars 2020 førte til ei direkte nedstenging av kulturbransjen. Avstandskravet, kravet om fastmonterte seter, og avgrensa antal arrangementsdeltakarar er nokre av dei mest definerande restriksjonane som skapte motvind for bransjen. På grunn av utfordringar med å oppretthalde smittevernstiltaka, har dermed kulturdepartementet gjeve koronastøtte til fleire delar av sektoren. 50 millionar til museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar, og 85 millionar kroner til den norske serie- og filmbransjen, er nokre dømer på dette. Sjølv med koronastøtte her og der, måtte bransjen ty til digitale løysingar for å få hjula til å gå rundt.

Alternative kulturopplevingar

Kultursektoren er riktig nok ein kreativ gjeng frå før, men dei har vore nøydde til å bli endå meir kreative for å handtere pandemiens brutale krav. Heilt sidan nedstenginga i fjor mars, har arrangement vorte avlyst og utsett i hytt og vêr. Den krevjande perioden har tvinga kulturnæringa til å tenke i digitale baner når det gjeld å nå publikum. Streaming av arrangement har gått føre seg på kanalar som blant anna Zoom, Teams, Facebook, YouTube og Instagram LIVE. Eit meir tidsaktuelt døme er den digitale billettypen til Oslo-festivalen by:Larm som arrangerast denne helga. «Digitalt pass» gjev tilgang til streaming av både konsertar og konferansar frå festivalens eigen digitale plattform. Sjølv om både publikum og arrangørar ser fram til meir fysiske arrangement etter gjenåpninga, kan slike alternative kulturopplevingar vere noko ein vil sjå meir av i framtida.

Endeleg kunne ein sitte skulder mot skulder, utan meterkravet. Foto: Mattias Milde Amland

Endeleg kunne ein sitte skulder mot skulder, utan meterkravet. Foto: Mattias Milde Amland

Innta kulturlivet!

Ja, kulturbransjen kan ha fått seg ein støyt under harde koronarestriksjonar. Det beste du kan gjere no er slik Raja seier, «innta kulturlivet»! So kva skjer framover eigentleg? I ei restriksjonsfri sfære kan kulturbransjen køyre ei rekke arrangement som vanleg. Den største endringa er at ein no kan stå på konsert, og ikkje minst danse! Denne helga går festivalen by:Larm føre seg i Oslo over ei rekke ulike scener. Få med deg til dømes dansbar R&B frå 20-år gamle Ylva laurdag kveld, vibbete Hip-Hop frå GiddyGang på Krøsset, eller suksessrike Isah på Sentrum Scene ved midnatt.

Medan vi snakkar om festivalar, går Oslo/Fusion internasjonale filmfestival av stabelen disse dagar. Ein festival som evnar å både underhalde og utvide horisontar, skal vise ei rekke mindre og større filmar. Elles kan norske kinoar sjå fram til fulle salar idet storfilmen James Bond: No Time To Die har noregspremiere denne helga. Skal vi tru britane, er dette ei kinooppleving å glede seg til. Slik tidlegare omtalt i PRESSET., har Cannes-suksessen Verdens verste menneske prega mediebiletet i sommar, etter at Renate Reinsve vann beste kvinnelege skodespelar for filmen. Noregspremiera i oktober er såleis noko ein ikkje kan gå glipp av. Dermed er det ingenting å vente med, blakk deg på kulturopplevingar i haust!