Det ubehagelige egoet med Ebba Eiring

Intervju - Paula J. Ullaland

Ebba Eiring har skrive om dei kjenslene vi kanskje ikkje vil vedkjenne oss i novellesamlinga Ego. I februar debuterer ho som forfattar for vaksne i eit djupdukk i det ubehagelege egoet. I tolv ulike historier får vi eit innblikk i liva til alt frå han som reiser tilbake til heimbygda, til ho som absolutt ikkje vil vere bonusmamma.

Ebba Eiring debuterer med novellesamlinga Ego. Foto: Anna Torst Saatvedt / Flamme Forlag

I 2021 gav Ebba Eiring ut ungdomsromanen Alt er OK, og om berre nokre få dagar debuterer ho som vaksenbokforfattar med novellesamlinga Ego. Sjølv om boklanseringa er rett rundt hjørnet, er forfattaren sjølv forholdsvis roleg trass omstenda. 

– Mykje av arbeidet er gjort, så sjølv om eg er spent og gruar meg litt, er det roleg å kunne gå å vente på publisering, fortel Eiring.

Noveller gir rom for utforsking

Ifølgje Eiring har ho halde mindre tilbake i Ego samanlikna med Alt er OK. Det er tekstlege skilnader på det å skrive for ungdom enn det har vore å skrive for vaksne, utdjupar ho. 

– Ein kan i større grad skrive om det ein har lyst til i noveller. Når ein skriv for ungdom må ein tilpasse språket. I noveller er det meir rom for å utforske og ein kan berre hoppe rett i det. Når ein arbeider med ein roman er det mykje ein er nøydd å halde oversikt over, seier forfattaren.

Å vere sjalu er jo litt flaut, det er ikkje akkurat ei kjensle ein vil vedkjenne seg
— Ebba Eiring

Forfattardebutanten har bakgrunn frå tekstforfatterlinja på Westerdals, og det var òg her ho fekk smaken på novellesjangeren. Gjennom eit valfag kom nemleg nokre av dei første novellene til. Éi av dei handla om ein eigenopplevd sjalusi. 

Det er òg desse kjenslene som snor seg som ein raud tråd gjennom dei tolv novellene i Ego.

Det er dei ubehagelige kjenslene som har inspirert mange av historiene i novelledebuten Ego.
Bilete: Superultraplus

Det nære og det nysgjerrige

Inspirasjonen til historiene har kome frå bådet det nære og det nysgjerrige. For å få litt avstand frå det aller næraste har Eiring skrive om litt.

– Til dømes handlar den eine historia om ein som flyttar tilbake til staden han vaks opp. Eg flytta sjølv frå Bodø til Stavanger då eg var ung, og eg hugsar første gong eg såg huset eg vaks opp i etter eg flytta ut. Det var så tydeleg at nokon andre budde der, vi hadde aldri trampoline i hagen. Så i den historia har eg spelt på det minnet om å kome tilbake. Dei som er lokalkjente vil kanskje kjenne igjen skildringane av området, sjølv om det er skrive litt om.

Mange gonger kjem ideane frå sånne små ting, eller ei problemstilling ein blir nysgjerrig på. Éi av novellene kjem frå ein avisartikkel om ein mann som selde plommer som ingen vil ha. Medan ei av dei andre historiene er inspirert av eit innsendt problem på NRK-podcasten Lørdagsrådet.

Eiring fortel at det vekka nysgjerrigheita å høyre om ho som hadde ein kjærast som var heilt fantastisk, men ikkje ønske å ha noko med bonusbornet å gjere. I novella Sur kjerring prøver Eiring å forstå og gjenskape den litt ekle kjensla ho sjølv satt igjen med etter å ha hørt podcast-episoda.

Ego skildrar den formen for kjærleik som er litt vond og kanskje ikkje så mykje snakka om i kvardagen.
Foto: Anna Torst Saatvedt / Flamme Forlag

Vil skrive om Bodø

På spørsmål om kva som ventar debutanten vidare så seier Eiring at ho no har prøvd seg på både å skrive roman for unge og noveller for vaksne. Det hadde vore spennande å prøve seg på å skrive ein vaksenroman, gjerne éin som kan skildre Bodø, byen ho vaks opp i. 

– Eg har budd i Stavanger, og bur no i Oslo, men det finst allereie mykje litteratur om opplevingane av desse byane. Tore Renberg har til dømes allereie gjort ein god jobb med å skrive bøker som skildrar Stavanger. Så det hadde vore interessant å kunne skrive meir om Bodø, noko eg allereie har utforska litt i den eine novella. Likevel, dette kan endre seg. Plutseleg dukkar inspirasjonen til ein ny ungdomsroman eller novellesamling.

Tittelen på novellesamlinga, Ego, refererar til karakterane som set seg sjølv først, men som likevel er avhengig av dei rundt seg. Det er på ein måte slik livet er, seier ho. Den skildrar den formen for kjærleik som er litt vond og kanskje ikkje så mykje snakka om i kvardagen. Marie Aubert og Kjersti Halvorsen blir trekt fram som andre forfattarar som er flinke til å utforske det som er litt ubehagelig. 

– Eg likar å ligge i det ubehagelige landskapet når eg skriv. Det er eit spennande område. Egoet i oss gjer oss så opptatte av oss sjølve, at vi ikkje alltid stiller opp for andre, men det er ein prosess og det er menneskeleg i det alle opplever det, avsluttar Eiring.