Skjerm(mål)tid

Kommentar – Ragnhild H. Eikeland

Vi har skyhøg skjermtid, og no har skjermen blitt ein del av måltidskulturen vår. Vi et fleire måltid åleine og mange et medan dei ser på YouTube, TikTok eller serie. Samstundes har det skjedd ei nær dobling av einsame under pandemien, særleg blant dei under 24 år. Måltidet kan vere løysinga på både høg skjermtid og einsemd.

Stadig fleire et lunsj og middag samstundes som dei tittar på skjerm. Foto: Ragnhild H. Eikeland.

Måltid m/ digital siderett

Tittelen på denne kommentaren er ei samanslåing av orda måltid og skjermtid. I utgangspunktet to vidt forskjellige omgrep som gjennom digitaliseringa har funne kvarandre. Eting framfor skjermen er ikkje noko nytt fenomen, og konsekvensane har vore diskuterte frå tid til annan. Overvekt, «mindless eating» og skjermbruk blant born er berre nokre stikkord i denne debatten. Sjølv er eg student i ein pandemiprega hovudstad, og har ei gjennomsnittleg skjermtid på 4 timar dagleg.

Dermed er eit måltid i eige selskap sjeldan komplett utan ein ny YouTube-episode av «Binging with Babish», til dømes. Eg trur eg snakkar for fleire når eg seier at måltidet ikkje blir eit avbrekk frå ein skjermtung kvardag, men ofte ein forlengelse av den. Vi skuldar på hektiske kvardagar og for lite tid. Eg trur likevel at eit måltid utan skjerm både smakar og kjennast mykje betre.

Som student i 2022 ser lunsjane mine ofte slik ut. Foto: Ragnhild H. Eikeland.


Mat på skjerm

Det er ikkje berre måltid framfor skjerm det har blitt meir av dei siste åra. Matfokuserte kontorar på plattformer som YouTube, TikTok og Instagram har skote i vêret i både popularitet og omfang. På den eine sida av dette har ein det koreanske fenomenet «mukbang» som blei ein global trend for omlag sju år sidan. Konseptet der verten et store mengder mat på video medan dei samhandlar med sjåarane sine, blei ein suksess på YouTube.

No finns det også nedskalerte versjonar av dette på TikTok med like høge sjåartal. På den andre sida av matfiksert medieinnhald finn ein diettfokuserte matkontoar. Oppskrifter og råd om korleis ein til dømes kan leve ein plantebasert livsstil har kome av den auka merksemda på trening og helse. Mat på skjerm kan også få endå ei ny tyding i framtida skal ein sjå til ny japansk teknologi som let deg smake gjennom skjermen. Uansett korleis skjermmat ser ut i framtida, er det ikkje til å sjå vekk ifrå at pandemien har digitalisert måltida våre til nye grader.

Pandemimat

Ein kan nærmast ikkje skrive ei sak i 2022 utan å nemne koronapandemien på eit vis. Også i måltidskulturen har denne altomfattande hendinga spelt ei rolle. Med påbod om heimekontor og heimeskule blei Zoom og Teams den nye kvardagen. Nokre hadde kanskje lunsjpausar i «breakout-rooms» og liknande, men det er ingen tvil om at det blei mange usosiale lunsjar. I staden for å sitje saman og skravle over matpakka, måtte ein ty til andre løysingar. Anten det vere nyhende på nett, ein YouTube-video eller nyaste episode av favorittserien. Lunsj i ein allereie teknologitung kvardag tydde dermed meir skjerm for mange. For studentar som byrja å studere hausten 2020 og i fjor, har studietida vore prega av mykje einsemd i tillegg.

Ta lunsjpausen i parken i staden for framfor skjermen! Foto: Ragnhild H. Eikeland.

Dobling av einsame

Slik det kom fram i ei sak frå NRK tidlegare denne veka, har pandemi og nedstenging ført til ei nær dobling av einsame i Noreg. I saka står det om “Knut” (23) som fekk ein særs einsam start på studielivet. Det er ikkje utenkeleg at skjerm under måltid har kome av at ein kjenner seg einsame. Måltidet har alltid vore ei tid for sosial hygge og ro. Eit avbrekk frå ein elles travel arbeidsdag eller studiedag. Færre sosiale måltid og meir skjermtid kan dermed neppe hjelpe på einsemda. Mange slit også med å legge frå seg mobiltelefonen, og klør etter å fortsette scrollinga. Vi har blitt bortskjemt med konstant stimulering på skjerm. Det er denne usosiale delen av den digitale måltidstrenden eg er bekymra over. Å gjere lunsjen sosial att kan hjelpe på både høg skjermtid og einsemd.

Tid for nye lunsjvanar?

Til sist, ei aldri so lita oppmoding til endring. Det er slett ikkje alltid slik at skjermteknologi fører oss nærare kvarandre. No som det er så mange einsame blant oss, bør vi bli flinkare til å invitere på lunsj eller middag i kvardagane også. Slik kan vi forhåpentlegvis gjere måltida litt mindre skjermtunge og einsame for kvarandre. Når det vårast framover, kan til dømes lunsj i din næraste park vere overraskande lett å gjennomføre. Parken byr på nye utsikter, frisk luft og benkplass til fleire vener.

Ei forfriskande moglegheit til å erstatte skjermen med ein litt meir spennande lunsjdate!