Brexit & sviktande journalistikk

Artikkel - Lasse S. Andersen

Den britiske pressa, kjend for å vera Westminster-sentrisk, har saman med politikarane omtalt Brexit som eit sensasjonelt spel som må «bli unnagjort» slik at Storbritannia kan gå vidare. Dette har tatt fokuset vekk frå det større bilete.

Bilete: Frederick Tubiermont / Unsplash

Bilete: Frederick Tubiermont / Unsplash

Britisk EU-medlemskap har vert eit heitt tema blant det britiske folk lenge før omgrepet Brexit vart ein del av vokabularen. Sjølve medlemskapsdebatten vart for alvor satt i gong allereie i 2012 når då-verande statsministar David Cameron lova det britiske folket ei mogleg folkeavstemming. Det skal da ta fire år før dette vert ein realitet.  

Dette resulterer òg i at Cameron går av som statsminister etter det vert kjend at majoriteten av britane (52%) ville ut av unionen. Theresa May blir så valt til leiar av det konservative partiet og statsminister. Det var May som til slutt sat i gong artikkel 50, prosessen der eit EU-land går formelt ut av unionen. Dette skjedde 29. mars 2017, som betydde at ein Brexit-avtale skulle i følge loven stå klar etter to år, altså 29. mars 2019.  

Pressas hesteløp-strategi

Brexit passer godt inn i hesteløp-journalistikken, ein strategi 2000-tallet ikkje er framand med. Preferansen for «hesteløp» inneheld eit fokus på kven som er fremst i det politiske spelet. Før folkeavstemminga stod det lenge mellom «leavers» og «remainers», altså dei som ville forlata EU og dei som ville bli verande. Dette vart etterfølgt av «hard Brexit» mot «soft Brexit», samt det regjerande konservative partiet mot opposisjonen.

Konsekvensen av ei slik framing gjer at politiske spørsmål blir skyvd til sides til fordel for meir konkurransefokusert journalistikk; kven ledar, og kva er sannsynet for kvart moglege utfall.

Dette var særleg tilfellet under May sin statsminister-periode då hennar tre Brexit-forslag skulle stemmast over i parlamentet. Sannsynet for om avtalen vart godkjend eller ikkje var fokuset til mange av dei britiske papiravisene, særlig under nyheitene på britisk TV, i staden for spesifikke element ved avtalen. BBC si dekning av Brexit-avtalen til Johnson handla meir om korleis den kunne bli godkjend av parlamentet, kven av dei konservative som kanskje kom til å stemme i mot, og svert lite om innhaldet i avtalen.

Når dei spesifikke elementa vart diskutert i sin heilheit, var det som regel om typiske polariserande saker som det offentlege helsevesenet (NHS) og innvandring.

Ein urovekkande trend

I BBC sitt tilfelle kan Brexit fort bli eit vanskeleg tema å dekka. BBC vert finansiert på lik måte som NRK, altså med statlege midlar og lisens, og er derfor avhengig av eit godt forhold til det regjerande partiet. Lenge har BBC vert kritisert av dei konservative for lisensavtalen og av arbeidarparti opposisjonen for deira negative haldning til leiaren deira Jeremy Corbyn. Ved å ta stilling til Brexit risikera dei å bli angripen av ei av sidene som kan skada forholdet med dei.   

Papiravisene er ikkje betre ettersom at disse er kjende for å halda med anten dei konservative eller arbeidarpartiet. Innhaldet i avtaleforslaga vert derfor fort satt til sides og sjølve avtalen blir omtalt som ein seier eller tap avhengig av kva avis som skriv.

Ein trend blant dei konservative avisene er å presentera Brexit som eit tv-drama, som kjem til å enda i ein storslått serieavslutting. Slagordet til det konservative partiet, Get Brexit done reflekterer denne trenden.

Vanskeleg å få til ein avtale

Over 40 år med økonomisk samarbeid og integrering kan ikkje avsluttast raskt og smertefritt. Det er heller ikkje enkelt når det regjerande konservative partiet og arbeidarparti opposisjonen ikkje kan komme til einigheit over ein avtale. Splittinga er framleis like stor som ved folkeavstemminga.

Foto: Jannes Van den Wouwer / Unsplash

Foto: Jannes Van den Wouwer / Unsplash

Det pressa har fokusert mest på under Brexit-forhandlingane er det dei kallar The Irish backstop. Dette omhandlar grensa mellom Storbritannia og Irland. Nord Irland er den einaste delen av Storbritannia som ikkje deler landegrense med resten av landet, men med Irland. Skal Storbritannia komme seg ut av EU må det opprettast ei toll grense mellom anten Irland og Nord Irland eller mellom Nord Irland og resten av Storbritannia.

Skulle the backstop blitt godkjend av parlamentet ville Storbritannia framleis ha hatt eit handels forhold med EU fram til ei hard grense kunne vert unngått. Dette vart ikkje sett på som eit alternativ av dei mest prominente Brexit-tilhengarane og dei konservative avisene, samtidig som det ville ha ført til at Nord Irland framleis hadde vert binda til EU-reglementet og det indre Markedet noko May sitt samarbeidsparti DUP (the Democratic Unionist Party of Northern Ireland) ikkje hadde godkjend.

Når Johnson tok over var dei framleis avhengig av DUP, noko pressa valte å ikkje fokusere på når Johnson no har reforhandla avtalen til May. Avtalen er stort sett den same.

Slik pressa har skrive om Brexit fram til no, vil ikkje få det til å kjennast som ei tilfredsstillande avslutting. Brexit handlar ikkje berre om å få til ein avtale om korleis Storbritannia skal forlate unionen, det skal òg handle om kva som kjem etter skilsmissen er over. Storbritannias forhold til EU og resten av verda, skal dei ha liknande handelsavtale som Noreg har eller skal det lagast ny?

Mykje av fokuset er å få Brexit unnagjort, men ein godkjend avtale i parlamentet er ikkje sluttmålet. Storbritannia kan ikkje gå tilbake til å ikkje bry seg om EU slik dei gjorde før 2016. Det neste tiåret kjem til å handle om forholdet med EU og om Storbritannias plass i verda. Noko pressa og politikarane ikkje har forberedt det britiske folket på.