Sporten som ikkje stoppar

Artikkel – Lars Daniel S. Tenfjord

Dei siste ti åra har fenomenet E-sport opplevd ein enorm vekst både nasjonalt og globalt. Fleire utøvarar, meir publikum og større pengepremier har gjort at dataspel ikkje lenger berre er ein hobby, men ein mogleg karriereveg.

Sigve Løndal elskar å kommentere E-sport. Foto: Sindre Stien.

Sigve Løndal elskar å kommentere E-sport. Foto: Sindre Stien.

Lev av E-sport

Sunnmøringen Sigve Løndal (24) flytta sumaren 2019 til Oslo, der han som ein av få i landet fekk moglegheita til å leve av E-sport. Løndal er i desse dagar permittert på grunn av korona, men til dagleg arbeider han for Noregs største E-sportklubb, nemlig Nordavind DNB.

– Eg har aldri trivst så mykje med en jobb som eg gjer no. Her får eg drive med det eg elskar, og eg får utvikle meg gjennom å arbeide med veteraner innan norsk E-sport. Begge sjefane mine er tidligare proffspelarar, som har vald å bli klubbleiarar i staden for. Så her sug eg opp all den kunnskapen eg kan, i frå utruleg dyktige menneske, fortel han.

Løndal har vore aktiv dataspelar store deler av livet, men fokuserer no mest på kommentering og arbeidsoppgåvene i Nordavind DNB . Der jobbar han som Engagement Coordinator, og styrer blant anna med grafisk design, sosiale medier, video, foto, planlegging og intern kommunikasjon.

E-sportmiljø

Løndal har opp gjennom åra vore mykje involvert i E-sportmiljøet heime på Sunnmøre. I 2015 vart han også leigd inn som kommentator på Noregs største datatreff The Gathering. Han fekk etter kvart eit stort nettverk, og den brennande lidenskapen for E-sport gjorde at han søkte et meir ambisiøst miljø.

– Det heile starta i februar 2019. Eg hadde fått nok av å vere med i guteklubbar som ikkje klarte å gjere noko seriøst ut av E-sporten. Eg tenkte at dersom eg skal kunne halde fram med E-sport seriøst, så måtte eg til seriøs klubb, fortel Løndal.

Difor bestemte han seg for å sende ein e-post til dagleg leiar i Nordavind DNB, noko som etter kvart resulterte i fast stilling i organisasjonen.

Sigve Løndal poserer i E-sportklubben Nordavind DNB si drakt. Foto: Sindre Stien

Sigve Løndal poserer i E-sportklubben Nordavind DNB si drakt. Foto: Sindre Stien

Twitch

I Noreg er Telialigaen den største ligaen innanfor E-sport. Her finn ein blant anna Nordavind DNB, som er klubben til Sigve. I Telialigaen gjennomførast det ein sesong og sluttspel-variant som kan minne om den ein finn i ishockey.

Dei fire beste laga frå sesongen møtast i eit sluttspel i høvesvis League of Legends, Rocket League, Hearthstone, PUBG og CS:GO.

Mykje av desse kampane blir sendt på strømmetenesta Twitch. Denne plattforma fokuserer hovudsakleg på direktestrømming av dataspel og liknande. Her kan ein følgje med på alt ifrå verdas beste E-sportutøvarar, og til folk som berre spelar for moro skyld.

Det meste av kampar blir sendt på Twitch, men no når TV2 har kjøpt rettane til Telialigaen blir mykje sendt der også. Dei har riktignok gjort nokre endringar som eg meiner ikkje er positive. Dei har vald å utelukke eit viktig element som skapte ei kjensle av samhald, nemlig chaten. På Twitch har ein eit chat-rom der alle som ser kan reagere, litt som publikum på ei fotballbane, fortel Løndal.

Mens heile sportsverda er stengt ned på grunn av korona, har E-sport haldt koken på strømmetenester som til dømes Twitch. Sigve fortel at 250 000 såg finalen i LEC og LCS, som er ligaane for League of Legends i Europa og Nord-Amerika.

Historiske røtter

Sjølv om E-sport er i vinden som aldri før er konkurransebasert dataspel ikkje noko nytt fenomen. Ein finn røtter heilt tilbake til 70- og 80-talet, då det vart arrangert mindre konkurransar i til dømes Spacewar!. Særlig populære vart etter kvart arkademaskiner, kor spelarar prøvde å slå kvarandre sine rekordar i spel som Pac-Man og Donkey Kong.

Internett har gjort at E-sport har vekse frå å vere eit bakgårdsfenomen og til å i stor grad prege ungdoms populærkultur. Det blir spelt alt ifrå fotballspelet FIFA, strategispelet League of Legends og til skytespelet CS:GO. Likevel meiner Sigve Løndal at det er viktig å skile mellom ein vanlig hobbyspelar, og ein som driv aktivt med E-sport.

– Det er ein del stereotypiar rundt E-sport, nemlig at det er feitingar som ikkje gjer anna enn å ete pizza og drikke cola, noko som det jo var ein del av før. Men no er dei beste utøvarane veltrente, med god muskelbygning og helse. Det mange gjer er at dei blandar gaming og E-sport. Det blir som å samanlikne vennegjengen som samlast på fotballbana for å spele fotball, med Vålerenga IF som driv elitesatsing og prøver å bli best i Noreg, seier Løndal.

Hardt arbeid

Og dersom ein ønskjer å verte beste i E-sport, så ligg det i likskap med fotball og andre idrettar – ekstremt mykje hardt arbeid bak. Ein må trene og terpe, og jobbe målretta for å bli betre.

– For å lukkas innan E-sport må ein verkeleg satse. Det hjelp ikkje berre å spele og tenkje at om det skjer så skjer det. Ein må jobbe hardt og lenge, og det handlar ikkje berre om kor mykje tid ein brukar, men også korleis ein brukar den. For å verkeleg lukkas treng ein viljestyrke, disiplin, øving, og sjølvsagt støtte frå familie og vener, seier han.

Sidan Sigve trekkjer fram at det stadig er mange stereotypier rundt E-sport, så kan man også tenkje seg at nokon foreldre er skeptiske til at barna deres spiller. Kva vil han seie til dei?

Dei fleste som ikkje likar at barn og unge brukar tid framfor skjermen for å spele er eigentleg berre hyklarar. Speling er aktiv hjernetrim kor ein får ei arbeidsoppgåve og må løyse den på den mest effektive måten. Ein lærar å kommunisere, bruke engelsk i dagligtalen og ein blir kjent med andre menneske. Samanliknar du det med TV som berre er passiv sjåing, så er det lett å skjønne kva som er det sosiale og ærerike, seier Løndal.

Han understreker at dersom spelinga gjeng utover det sosiale, familierelasjoner og skule – så har det gått for langt.