VR og AR kan gi nye moglegheiter for journalistikken

Artikkel - Lasse S. Andersen

I ei tid der ingenting verkar meir uinteressant enn å lesa nyheiter kan det vera på tide at journalistikken får eit velfortent løft.

Foto: JESHOOTS.COM / Unsplash

Foto: JESHOOTS.COM / Unsplash

 Eg har tidlegare skrivet om kvifor me skal lesa og betala for nyheiter. Eller rettare sagt; kvifor me skal bry oss om det som skjer i samfunnet og i resten av verda. Det er klart det fort kan bli ein keisam skumlesing av elles uinteressante tema, og nettopp derfor kan det vera nyttig å leggja til noko anna, ein «oppleving», enn berre endelaus tekst.

Les også: Skal me måtta betala for nyheiter? Klart me skal.

Sjå for deg at i staden for å lesa om immigrasjon eller tørke i California, så står du saman med reporteren og ser det dei ser. Du er der det skjer og opplev historia mens det føregår. Ein langlest tekst vert ein meir engasjerande oppleving med eit sterkare inntrykk. Forsking på VR foreslår at ein lære meir av å aktivt delta i eit virtuelt rom enn ved å lesa. Dette kan gi nyheitsmedia ein større moglegheit til å påverke lesarane.

Store moglegheiter   

Ta for eksempel The Economist sin reportasje om framtidas mat frå 2018. Her kunne lesarane skanna ein QR kode med Snapchat  for å få opp fleire infografikkar om kva mat me kunne forventa å sjå meir av i framtida. Via Snapchat vart maten saman med infografikken plassert på overflatane fanga opp av kameraet. Mens dette kunne enkelt blitt visualisert med bilete og tekst som ein vanlegvis ville gjort, gir denne metoden lesaren moglegheita til å ta del i reportasjen. Bruken av AR på denne måten er den enklaste alternativet ettersom det bygger på det som allereie er skrivet med noko me alle har tilgjengeleg; smarttelefon.  

Foto: Skjermdump

Foto: Skjermdump

For berre nokre få år sidan måtte ein bygga eigene plattformer for å kunne dra nytte av AR, men no har fleire av dei store medieplattformene som Facebook, Snapchat, og Instagram gjort AR lett tilgjengeleg for andre mediehus.

 VR blir ein større utfordring for nyheitsmedia å implementera i deira reportasjar ettersom dei da er avhengige av at lesarane har tilgang til VR-briller. VR er heller ikkje slik det var tidleg på 90-talet da Nintendo prøvde ut sin svært simple Virtualboy med SNES-grafikk. Dagens VR rom ser ut som filmane me er vandt med å sjå på kino, med bilete og lyd som får oss til å føla at me faktisk er til stades. Sjølv om det meste av VR me har sett i nyheitsamanheng er 360-video ikkje skikkeleg engasjerande VR så vil det òg bli meir vanleg når teknologien betrar seg og 5G vert rulla ut.

Framleis er det element som kan gjera denne utviklinga komplisert. For å gjera det så engasjerande som mogleg må individa kunna utforske fritt i VR rommet, da med mogeligheita for at viktig info kan bli oversett. Skal individa bli guida gjennom opplevinga vert litt av poenget med VR vekke ettersom ein kan oppnå sama effekt med 360-video. Det er klart at det er ei framtid for VR og AR i journalistikken men me er ikkje heilt der enda.