Frankenstein: Eit monster av ulike visuelle verkemiddel
Filmomtale - Siri Lill Berg
Den stormfulle aftenen fredag 24. oktober bega eg meg ut på ein tur til Vega Scene for å vere vitne til noregspremiera av Frankenstein. Dette er en film eg har gleda meg til sida eg fann ut om den, så da måtte eg sjølvsagt kjøpe billett.
Foto: IMDb
Filmen er produsert av Netflix og slapp på straumetenesta for to veker sida. Den er regissert av skrekkregissøren Guillermo Del Toro og er basert på boka med same namn av Mary Shelley. Frankenstein handlar om ein vitskapsmann som sett ut for å skape liv frå død, for så å frykte sin eigen kreasjon, og vart skriven av Shelley når ho var berre 18 år gammal.
Storylinen i filmen har fleire likskapar med boka, spesielt i forhald til oppsettet av forteljinga. For begge er prega av ei rammeforteljing som forklarar kvifor der er to delar, med to ulike synspunkt. I tillegg er der fleire scener som er gjenkjennelege for oss som har lest boka. Samtidig er den svært ulik til tider. Dette er mest i samanheng med Victor sin karakter, som ikkje berre var eldre i filmen, men som også vart utvist av universitetet, i staden for ein som hadde droppa ut. Vi fikk også ei tristare bakhistorie for denne karakteren.
Frankenstein sitt laboratorium / Foto: IMDb
Guillermo, goth og gore
Når det gjeld det visuelle fortel Del Toro i eit intervju med Netflix at han ynskja å bruke så lite CGI som høveleg. Derfor er det meste av det ein ser i filmen, som til dømes båten, ekte kulissar. Dette gjorde at settet føltast meir realistisk og derfor nærme eller ekte, på ein sånn måte at historia kanskje gjekk meir inn på sjåaren emosjonelt. Det må immidlertid påpeikast at når det vart brukt CGI, til dømes på ein ulveflokk, så var den ikkje så altfor bra. Valet å ikkje nytte så mykje CGI var derfor eit godt val for denne filmen.
For elles var mise-en-scènen utruleg visuelt slåande. Dei fleste av scenene er prega av mørkare fargar og har mange små detaljar overalt. Desse vart nydeleg fanga av lyssetjinga som også fungerte bra for å gjere scenene litt ekstra dramatiske. Store vitskapelege instrument på skjermen vekte både frykt og fascinasjon. Alt dette var også gjort med bestemte fargepallettar til kvar del. Desse pallettane førte med seg mykje emosjon og gav historieforteljinga ekstra kraft.
Foto: IMDb
Kostyma er også verdt å nemne. Spesielt dei mange antrekka til Mia Goth sine karakterar. Desse var ofte kledde i dramatiske og anten fargesprakande eller i djupare farga antrekk. Dei mannlege kostyma, som til dømes når det gjeld dressutvalet til Victor, var heller ikkje skuffande, og bar ofte noko mindre, men framleis synleg dramatikk. Desse dramatiske kostyma, dei storskala kulissane og det generelle settet passar godt til filmatiseringa av ei bok i den gotiske sjangeren. Denne estetiske uttrykkinga av goth finn vi også i scener der Goth går ned ei trapp i ein nattkjole haldande på ein lysestake, det at Victor sitt laboratorium er sett til eit gamalt slott og det ofte stormfulle, kalde, eller mørke vêret.
Oscar Isaac som Victor Frankenstein/ Foto: IMDb
Scream queens, toxic teens og andre skodespelarar
Der er fleire kjende skodespelarar med. I rolla som Victor Frankenstein, finn vi Oscar Isaac. Det må seiast at han kanskje ikkje var heilt den eg såg for meg i rolla, med tanke på at Victor er mykje yngre i boka, men Isaac gjorde ingen dårleg jobb. For å vere nokon som verkeleg hatar Victor, gjorde Isaac at eg kanskje hata han litt mindre. Eller kanskje ikkje, men Isaac er iallfall ikkje grunnen for dette hatet. Han spelte den noko umodne, umoralske karakteren, på ein måte som gjorde at han var lett å mislike, noko som jo er sånn det skal vere.
Mia Goth i Frankenstein / Foto: IMDb
Mia Goth held fram med å beskytte tittelen sin som scream queen i denne filmen, dog den ikkje er ein stereotypisk skrekkfilm. I filmen spelar ho både kjærleiksinteressa, Elizabeth, og mora til Victor, Claire, på ein liknande måte som ho spelte to roller i X (2022). Sjølv om vi får sjå ho mest i rolla som Elizabeth, sett ho verkeleg sitt spor i rolla som Claire. Rolla som Elizabeth er som skapt for ho, som insektsforskar som tek fascinasjon i monsteret og ser uskulda og menneskelegheita i han.
Jakob Elordi er også blant rollebesetninga, men ser noko annleis ut enn vi er vande til å sjå han i produksjonar som til dømes Euphoria eller Priscilla. I Frankenstein speler han nemleg monsteret, eller vesenet, i sentrum av forteljinga. Han gjer ein fabelaktig jobb i denne rolla, kvar han framstår som meir menneskeleg enn nokon karakter eg har sett han som tidelegare. Han brang vesenet til skjermen på ein måte som verkeleg fekk fram moralen i historia og vekte store følelsar blant publikum.
Jakob Elordi/ Foto: IMDb
Strauming av film, tårer og rekn
Sjølv om fleire synst filmen kanskje vart litt lang, kan det ikkje nektast for at filmen påverka folk sterkt. For der var fleire i kinosalen som snufsa av Elordi sin opptreden. Dette kan sjølvsagt ha vore grunna vêret ute også, men der var iallfall fleire som grein, og det kan ein ikkje skulde på vêret for. Elles meiner fleire at dette er ein god film, noko eg absolutt seier meg einig i. For sjølv om den stridde ein del, stridde den ikkje så mykje frå boka at det var forstyrrande for opplevinga. I tillegg gjorde filmen verkeleg boka sin gotiske sjangeren rett med både setdesign og kostymer. Som ein fan av boka var filmen utrulig å oppleve på kino, kvar ein verkeleg kan sjå og verdsetje alle detaljane, men den kjem definitivt ikkje til å vere dårleg å sjå på strauming heller.