Ravenheart 2026
Feature - Siri Lill Berg
Den fyrste juniveka var prega av mørke, regnfylte kveldar, og ein tordenstorm som omringa Oslo, noko som gav optimale forhald for ein filmfestival som viser sci-fi, fantasy og ikkje minst skrekk. Eg var så heldig å få pressepass og fekk bruke fem dagar på Cinemateket for å oppleve det rike programmet til filmfestivalen Ravenheart.
Foto: Siri Lill Berg / PRESSET.
Ravenheart, som no er på si åttande utgåve, hadde ei god blanding internasjonale filmar på programmet for 2026. Ikkje berre var heile spekteret av dei fantastiske sjangrane representerte, men også fleire ulike format. For der var både jubileumsvisningar av klassiske filmar, nyare feature-filmar, dokumentarar, animasjonsfilmar, og kortfilmar. Dette gav publikum høve til å både få sjå klassiske filmar med jubileum i år, som Mars Attacks! (1996), The Omen (1976), An American Werewolf in London (1981) og The Craft (1996), i tillegg til at festivalen satt søkelys på mindre og nyare filmar. Fleire av visningane til dei nyare filmane hadde også besøk av medverkarar til filmen. Mellom filmane var der høve til å delta i fleire konkurranser, som “finn Waldo”. Om konkurranser ikkje var freistande nok, var der også mykje festival-merch, og til og med ein drink brygga spesielt til festivalen.
I denne artikkelen har eg samla mine personlege favorittar frå dei mindre kjende filmane på festivalprogrammet, samt andre filmar som fortenar å bli nemde, sånn at du anten kan få litt filminspirasjon eller tenkje på å delta på Ravenheart-festivalen neste år.
Dag 1
Besøket mitt på festivalen starta med filmen Big City Pizza (2026), der pizzabudet Boney opplev mange underlege leveringar under skiftet sitt. Sjølve historia var ikkje heilt for meg. Likevel kjeda eg meg aldri, for det var alltid noko nytt som skjedde, alltid noko på skjermen som fanga blikket og klarte å halde på det, altså er dette den ultimate brain rot filmen. Ikkje berre er animasjonen svært fargerik, men heile filmen foregår også i fyrstepersonsperspektiv, med minimal klipping. Derfor er det ikkje rart vi fekk advarsel om at hovudverk kunne oppstå.
Favorittar:
Trass kor stor fan eg er av Burton (regissøren av Mars Attacks! som vart vist denne dagen), kom begge favorittane frå dagen frå kortfilmprogrammet Anatomy of Fear. Programmet bestod av 8 ulike korte filmar innan skrekksjangeren. I Into the Stand (2025) møter ein paret Rosa og Quinn som dreg på camp. Rosa har nyleg vorte avhalds og bestem seg for å ta ein gåtur i skogen når velkomsfesten vert litt for mykje. Ho kjem imidlertid ikkje tilbake. Når Quinn dreg for å leite etter ho, finn ho noko mykje skumlare i staden. For folk som er ute etter ein klassisk skrekkfilm, er denne perfekt. Den er til tider ganske klisjé, men dette gjorde den på ingen måte dårlegare. Den andre filmen var Time Eater (2025). Anne skal passe på barnebarnet, men lid av demens, noko som gjer situasjonen vanskeleg. Sjølv om denne filmen ikkje gjorde meg redd, gjorde den meg absolutt stressa. Den tek opp viktig tematikk når den viser korleis demens kan opplevast, med regi som gjorde også meg desorientert og nervøs.
Dag 2
Avant de rentrer / Foto: Clermont-Ferrand
Dag 2 av mitt besøk på festivalen var i større grad prega av kortfilmprogram. Fyrste kortfilmprogram var Art in Motion, ein bolk som inkluderte animasjonsfilmar. Her fann ein blant anna studentfilmen Avant de rentrer (2025), om ein ung gut som går seg vekk i skogen. Filmen har imponerande stop motion animasjon, som verkeleg gjorde ein god jobb når det gjaldt å lage ei skummel stemning. Andre film ut frå denne bolken er L´Homme au chapeau (2024), kvar ein møter ein mann som må håndtere korleis reinsdyrflokken blir drepne av ulv samtidig som han gjenopplev traumer frå barndommen. Ikkje berre hadde denne ein utruleg forsiktig, mjuk, animasjonsstil, men den hadde også ei rørande forteljing, som den vakre animasjonen berre la meir følelsar og dybde til. Ein siste film som er verdt å nemne er Red Nose (2025), om kor langt ein arbeidsledig sirkusklovn er villig til å gå for ein jobb.
Det mystiske sjøvesenet fanga av fiskarane i Iurima / Foto: IMDb
Kortfilmbolken Nordic Featurettes, mitt andre besøk for dagen, innehaldt diverse nordiske kortfilmar. Som ein stor fan av både skrekk og historier som inkluderar alt nautisk, endte Iurima – A Tale of Three Fishermen (2025) opp som ein personleg favoritt frå denne bolken. Den fortel historia om ein svoltande familie fiskarar som ein dag fangar ei havfrue i nettet sitt. Svolten tek til slutt overhand, noko som får alvorlege konsekvensar. Den andre filmen frå denne bolken er den færøyske Father oh father (2026). Olivia tek med sin avdøde far rundt i den vesle byen sin, i ei kjøleboks. Frå premisset aleine, forstår nok dei fleste at dette er ein film som byr på meir enn berre nokre få lattarar, i tillegg til den rørande forteljinga.
Favoritt:
Kvelden vart avslutta med ein av mine personlege favorittar, kultklassikaren The Craft (1996). Her skal eg imidlertid snakke om kortfilmen som vart vist før denne, som vart dagens favoritt av dei mindre kjende filamane. Five Hours Until the Blood Moon (2025) er ein hysterisk morosam kortfilm om tre hekser som prøver sitt beste å fullføre eit rituale før midnatt. Ein merkar kanskje at produksjonen er billig, men dette legg berre til til det amatørmessige inntrykket ein får av dei unge heksene.
Dag 3
Eg har framleis vanskeleg for å kunne beskrive filmen Buffet Infinity (2025). Grunnen til dette er filmen si eksperimentelle historieforteljing. Heile filmen foregår nemlig gjennom reklamer og nyhende meint for fjernsyn. Det som startar med rein reklame for diverse bedrifter sine produkt, vert snart om til ein kamp mellom Buffet Infinity og dei lokale bedriftene, og ender med fleire sakna arbeidarar. Ein kan trygt seie eg var desorientert og sliten etter denne filmen, men eg angrar likevel ikkje på å ha sett den, for den er definitivt ei oppleving.
Dag 4
Bastian Carrasco Betemps as Kyle / Foto: IMDb
Den fjerde dagen starta eg med skrekkfilmen Lead Belly (2025), om to brødre som skal bruke sumaren med faren. Filmen tek opp fleire viktige tema, men akkurat desse skal eg unngå å seie meir om, så ikkje filmen vert spoila. Ein finn elles gode skodespelarprestasjonar, spesielt frå dei yngre skodespelarane, som verkeleg gjorde karakterane og forhalda deira truverdige. Dette kunne ein forsåvidt også sjå i En ny dag truer (2026), ein sterk og emosjonell featurette frå ein av dagen sine kortfilmbolkar, som tek opp både tema rundt demens og smertefulle minne.
Eit døme på belysninga i Altera Partem / Foto: IMDb
Favoritt: I same bolk fann ein Altera Partem (regi: Simon Doutreleau), der tre framande vert fanga i lasterommet til ein båt saman med eit lik og eit mystisk hol i veggen. Det visuelle, og spesielt belysninga i denne filmen er verkeleg noko å beundre, for den dunkle farga belysninga fanga verkeleg den mørke, klaustrofobiske stemninga i historia, samtidig som den aukar mystikken rundt dei meir overnaturlege elementa. Nokre gongar verka det som om handlinga gjekk litt for fort, men dette kan også rett og slett ha vore mitt ynskje om å sjå meir av filmen.
Denne dagen var det duka for prisutdeling. Blant filmane som vann, stakk Free Buffet (2025) av med flest prisar, for blant anna best regi, beste skodespelarinne og beste skodespelar. Dette var diverre ein film eg ikkje fekk med meg. Festivalen bydde nemleg på ei rekke filmar, og det var vanskeleg å få med seg alle. Blant filmane eg ikkje rakk å sjå, men gjerne skulle, finn vi kortfilmane Edward (2025), The Quinta’s Ghost (2025) og The Shadow of Dawn (2024), i tillegg til featurefilmen Wolf Cat Fever (2026).
Dag 5
Ginna Diaz som Sol i Show Me How to Die / Foto: IMDb
Festivalen sin siste dag bestod for min del av ei jubileumsvisning, samt ein bolk kortfilmar. I denne samlinga var blant anna den følelseslada Show Me How to Die (2024), der Sol prøver å kome nærare bestemora som akkurat døde med å gå gjennom en simulasjon av korleis bestemora opplevde sjukdommen som drap ho. Denne kortfilmen har også nokre nydelege visuelle bilete.
Etter festivalen sitt eg att med ei mykje større verdsetjing for kortfilmar. Det er ikkje det at eg ikkje har likt kortfilmar før, berre at desse ofte får mindre lanseringer og vert mindre velkjende. Dermed har eg til no følt at dei ikkje er like tilgjengelege som større, featurelengde kinofilmar. Ein kan trygt seie at der er verdt å ta ein tur til denne festivalen om ein er ein fan av filmar innan dei fantastiske sjangrane. For festivalen byr på eit rikt program for einkvar smak, og gjev publikum ein sjanse til å sjå filmar ein ikkje får sett andre stadar.