NY UKE, NY BINGE - #17

A-liste – Lars Tenfjord

Har koronakeisemda gitt deg lyst til å byrje å lese? Eller er du frå før ein bokorm med behov for litt nytt lesestoff? I vekas utgåve av PRESSA finn ein litteratur som passar for ein kvar smak. Her er fem bøker som vekka lesegleda hos meg.


Opphavsrett: Cappelen Damm / Foto: Cappelen Damm

Opphavsrett: Cappelen Damm / Foto: Cappelen Damm

Byens spor - Maj – Lars Saabye Christensen

Lars Saabye Christensen er ein av Noregs fremste forfattarar. Han er ein fabelaktig forteljar, og i boka Byens spor - Maj, skriv han varmt, nært og vakkert om livet i 50-talets Oslo. Boka er den andre i Christensens triologi om familien Kristoffersen, men kan fint lesast uavhengig av dei to andre.

Byen Oslo er sentral i forteljinga, og boka er eit must for den som er glad i hovudstaden vår. Likevel er det er ikkje berre skildringa av gatene, stadane og årstidene som gjer at boka treff midt i hjartet. Christensen skildrar karakterane på ein slik måte at vi som lesar dykkar ned forteljinga og føler, ler og lev saman med personane.

Hovudpersonen i boka er tenåringen og pianotalentet Jesper. Han følgjer vi gjennom forelsking, kameratskap, eksistensielle spørsmål og lengselen etter hans avdøde far. Vi møter også mora Maj. Ho er engstelig, pliktoppfyllande og sjølvoppofrande, men føler at ho aldri strekk til. Boka er lagt til ei etterkrigstid der sosial kontroll pregar samfunnet, og boka byr på både varme, spenning og læring.


Opphavsrett: Tiden Norsk Forlag / Foto: Tiden Norsk Forlag

Opphavsrett: Tiden Norsk Forlag / Foto: Tiden Norsk Forlag

Verdensmestrene – Henrik Langeland

Verdensmestrene av Henrik Langeland er ein interessant, velskreven og underhaldande oppvekstroman frå 80-talet i Oslo. I boka møter vi Lars frå Gulleråsen, Simone frå Husebygrenda, Amar frå Haugerud og Remi frå Oppsal. Gjennom dei fire karakterane sine kryssande liv og opplevingar, teiknar Langeland eit underhaldande og interessant bilete av ein hovudstad i endring. Sentralt i forteljinga er vennskapet mellom nabogutane Lars og Hauk, som begge bur på vestkanten av Oslo.

Lars Meltzer kjem frå ein tradisjonsrik advokatfamilie som slektar tilbake til nasjonens grunnleggjarar. Han visar seg tidlig som eit vedunderbarn og har fabelaktige evner både på piano og i langrennsporet. Hauk er ein mystisk karakter som er forholdsvis stille, men fryktlaus, utspekulert, nådelaus og alltid på jakt etter ny spenning.

Romanen skildrar vakkert om vennskap, forelsking og alt som høyrer ungdomsåra til. Handlinga byrjar då Oddvar Brå brakk staven under Holmenkollen-stafetten i 1982, og dette viser seg å vere starten på ein rekkje hendingar som skal endre livet til både Lars og Hauk for alltid.


Opphavsrett: Font Forlag / Foto: Font Forlag

Opphavsrett: Font Forlag / Foto: Font Forlag

Jeg er Zlatan – Zlatan Ibrahimovic, fortalt til David Lagercrantz

Kvifor i alle dagar skal eg lese ein sjølvbiografi om ein fotballspelar når eg ikkje likar fotball, tenkjer du kanskje? Vel, det skal eg fortelje deg; Jeg er Zlatan er ei bok som passar både for dei fotballfrelste, men og for dei som ikkje veit kor mange spelarar det er på kvart lag. Boka er skreve i lag med forfattaren og journalisten David Lagercrantz, som evnar å fange Zlatans unike personlegdom gjennom eit munnleg, fargerikt og brutalt ærlig språk.

Zlatan Ibrahimovic er ein av verdas beste og mest mytifiserte fotballspelarar. Han er både elska og hata, og han er vår eigen Petter Northug på steroider når det kjem til arroganse og sjølvtillit. Historia om Zlatan er ei historie om kjærleik, kameratskap og familie. Men det er først og fremst ei Askepotthistorie. Det er historia om ein gut som vaks opp i den belasta bydelen Rosengård i Sverige, med fattige foreldre frå Bosnia og Kroatia. Det er ei historie om underdogen, som vart ein av verdas beste og mest suksessfulle fotballspelarar. Det er historia om ein som er annleis.

Ikkje gjer akkurat som Zlatan, men les boka for å bli motivert og for å sjå korleis vi menneske lev liva våre.


Første bok i serien om Harry Hole. Opphavsrett: Aschehoug / Foto: Norli

Første bok i serien om Harry Hole. Opphavsrett: Aschehoug / Foto: Norli

Harry Hole-serien – Jo Nesbø

Jo Nesbø er ein av verdas mestselgande krimforfattarar. Bøkene hans om den dyktige, men alkoholiserte politietterforskaren Harry Hole har gitt Nesbø ein unik posisjon på den litterære kriminalhimmelen. Bøkene hans er oversett til over 40 språk, og i serien om Harry Hole er det per dags dato gitt ut 12 bøker. Den første i 1997 og den nyaste i 2019. Om du ennå ikkje har lest noko av Jo Nesbø, så anbefaler eg å starte no. Han har ein unik forteljarevne og som leser blir ein slukt inn i den spennande forteljinga.

Harry Hole-serien er ei forteljing om livet og kjærleiken – med ein god dæsj død på toppen. Serien er underholdande og spennande, men også svært lærerik. Handlinga utspeler seg ofte i Noreg, nærmare bestemt i Oslos gater. Nesbøs litterære kvalitetar og forteljarevne bidreg til eit driv i historia – som gjer at det er vanskeleg å leggje frå seg boka.

Eg vil anbefale å starte med å lese Nesbøs debutroman Flaggermusmannen, men det er også mogleg å lese bøkene om Harry Hole uavhengig kvarandre. Rødstrupe frå 2000 er min personlege favoritt.


Opphavsrett: Cappelen Damm / Foto: Norli

Opphavsrett: Cappelen Damm / Foto: Norli

Papillon – Henri Charrière

Papillon, eller sommarfuglen – er ei heilt unik og spektakulær forteljing om forbrytaren Henri Charrière. Boka vart fyst gitt ut i Frankrike i 1969, og har gjort stor internasjonal suksess. Dagbladet omtalar boka som ”Ein av verdslitteraturens ypparste og mest eventyrlige forteljingar”.

Papillon er ein sjølvbiografi der Henri Charrière, også kalla Papillon, fortel korleis han i 1931 blir sendt til ei fransk fangeøy for eit drap han ikkje har begått. Papillon rømmer frå fangeøya, men blir tatt og dermed sendt til den berykta Djeveløya. Denne øya blir skildra som eit helvete på jord, og er ein stad folk vert sendt for å døy. Men å døy er ikkje Papillon interessert i heilt enda.

Papillon har levd eit liv heilt utanom det vanlige. Kor vidt alt han seier han har opplevd faktisk er sant, er vanskeleg å seie. Men at Papillon er ei fantastisk bok, det er det ingen som helst tvil om.


Har du lest nokon av desse? Kva synast du? Kva les du for tida?