NY UKE, NY BINGE - #15

A-liste – Lasse Styve Andersen

Årets påskeferie har ikkje blitt som dei fleste hadde forventa. Utanlandsturane er blitt avlyst, slalåmbakkane er stengde, og hytteturane vart uaktuelle. Men er det ein ting me framleis kan nyta med god samvit, så er det påskekrimmen. Her er fem av mine absolutt favorittar.


Opphavsrett: ITV / Foto: IMDb

Opphavsrett: ITV / Foto: IMDb

Agatha Christies Hercule Poirot  – TV-serie (Dplay)

Ingen påskeferie er komplett utan den mest klassiske «whodunnit»-serien. Det har vore utallige versjonar av privatdetektiven opp gjennom tidene, frå tidlege svartkvitt-adaptasjonar til dei meir festlege nyinnspelingane, som Kenneth Branaghs «Mord på Orientekspressen» frå 2017 (som òg er til å anbefalast!). Men for meg, og for så mange andre, vil det alltid vera David Suchet som tar fyrsteplassen for beste framstilling av karakteren. Serien byrja med «The Adventure of the Clapham Cook» frå 1989 og hadde sin siste episode i 2013 med «Curtain: Poirot's Last Case».

Den belgiske privatdetektiven Hercule Poirot (som for guds skuld ikkje er fransk!) etterforskar mordgåter og forsvinningar gjennom 1920-talets England fram til hans siste sak tidleg 1950. Serien er full av mordariske mødre, sjalu ektemenn, og hysteriske overklassefruer. Og det er ikkje eit godt mordmysterium før alle karakterane samlast i eit og same rom før mordaren til slutt vert avslørt. Heilt klart krim i øverste klasse!


Opphavsrett: Netflix / Foto: IMDb

Opphavsrett: Netflix / Foto: IMDb

Collateral – miniserie (Netflix)

Frå naiv overklassepike i «The Great Gatsby» til gravid og beinhard etterforskar i «Collateral», spelar Carey Mulligan ei av sine beste roller så langt. Me held oss framleis i England, men denne gongen i dagens London. Eit pizzabod vert skoten ned på open gate, mens «Doctor Who»´s Billie Piper framleis ventar på hennar «special topping». Politiet vil leggja saken død og stempla det som eit rasistisk-lada angrep, men Carey Mulligans karakter Kip Glaspie er ikkje overbevist og nyttar dei neste fire dagane til å komme til buns i saka.

Serien er grim og intens, samstundes som den treffer alle dei riktige punkta for eit knakande godt krim-drama. Handlinga har eit klart og tydeleg politisk fokus, der innvandring er eit gjennomgåande tema og viser til eit polarisert samfunn prega av misoppfatningar og fordommar. Vær så snill Netflix, la det bli ein sesong til!


Opphavsrett: ITV / Foto: IMDb

Opphavsrett: ITV / Foto: IMDb

Mord og mysterier – TV-serie (TV2 Sumo/Dplay)

Med ein kjenningsmelodi som har hatt ei fast rolle i mareritta mine sidan eg var ni år gamal er «Midsomer Murders», kjend som «Mord og mysterier» her til lands, eit soleklart val for krim-entusiastar. Sidan 1997 har serien gang på gang vist kva god britisk krim kan vera. DCI Barnaby saman med hans «sidekick», som har hatt mange ulike ansikt gjennom seriens 23 år, etterforskar nokon av dei mest brutale mordgåtene den britiske kommunen Midsomer har å komme med. Barnaby er den klassiske etterforskaren/familiefaren som lever eit enkelt tradisjonelt liv på heimefronten, men som støtter på det mest groteske menneske er i stand til. Serien er basert på «Chief Inspector Barnaby»-bøkene av Caroline Graham, og er så langt på deira andre DCI Barnaby, fyrst spelt av John Nettles, etterfølgt av Neil Dudgeon.

Ettersom «Mord og mysterier» er ein av ITV sine eldste seriar er det klart at den har vore starten på mange britiske skodespelarar si karriere. Sjå etter stjerneskot som Henry Cavill («Man of Steel»), Tom Ellis («Lucifer»), og Orlando Bloom («Lord of the Rings»).  


Opphavsrett: ITV / Foto: IMDb

Opphavsrett: ITV / Foto: IMDb

Nedgravde hemmeligheter – TV-serie (NRK)

For oss som storkosar oss med Britiske TV-seriar til vanleg kan det virke som om Nicola Walker er med i alt om dagen, som er fult forståeleg. Frå godhjerta homofil biskop i «Collateral» til iskald etterforskar i «Unforgotten», kjend her heima som «Nedgravde hemmeligheter», spelar Walker på det ho kan best; å vera «the leading lady». Kvar serie med Walker i spissen er i trygge hender, særleg når serien har eit såpass gripande manus. Det er dessverre kun sesong 3 som er tilgjengeleg hos NRK, men kvar sesong er ei ny forteljing så ikkje vær redd for å hoppe rett inn i serien!  

Denne sesongen tar for seg ei rekke mord frå fleire år tilbake i tid. Lika som dukkar opp visar seg å vera av forsvunne tenåringsjenter, og etterforskarane Cassie og Sunny tar opp saka. Serien er mørk, men samhaldet mellom karakterane, Cassie og Sunny, samt dei fire mistenkte mennene, gir serien ein slags kameratsleg varme. Ein sit igjen med ei ekkel kjensle i kroppen når mordaren til slutt står fram.


Opphavsrett: NRK / Foto: IMDb

Opphavsrett: NRK / Foto: IMDb

Monster – TV-serie (NRK)

Frå fire heilt fantastiske britiske krimseriar til nordnorsk mysteriedrama. «Monster» er noko for seg sjølv. Serien er ikkje det eg vil kalla ein klassisk «krim», men den følgjer mønsteret ein god krimgåte skal følgje. I ein fiktiv småby i Nord-Norge vert me kjend med etterforskar Hedda Hersoug som har komme tilbake til heimbygda i håp om eit litt rolegare liv for og så bli dratt inn i tidenes drapssak og eit religiøst kulthelvete. Ei ung jente frå lokalsamfunnet er forsvunne og saka visar seg å stå svært nær familien til Hersoug. Jakob Oftebro spelar den eigenrådige Joel Dreyer frå kriminalpolitiet som set sitt eige ego framfor etterforskinga og gir serien eit løft i intensitet. Serien er ekkel og dyster, med eit hint av nordnorsk sjarm.

Serien på sju episodar skrik etter fleire sesongar, og kven vil vel ikkje sjå fyren frå Trivago-reklamane (Per Kjerstad) som ein kristen kultleiar i ein sesong til?


Har du sett nokon av desse påskekrimmane? Kva synest du?