Ny uke, nye anbefalinger #48 - Låtfavoritter

Anbefalingsliste - Paula J. Ullaland

Oslo er kanskje hovudstaden i Noreg, men kva hadde musikk-Noreg vore utan Grieg, Sissel og Kygo? No som samfunnet igjen står overfor høge smittetal og pressekonferansar med blå vegg, er det fint å drøyme om å vere alle andre stader enn der ein er. La deg inspirere av eit utval anbefalingar frå den regnvåte vestlandsmetropolen Bergen.


Le Louvre”, Bokser & Ballerina – Myra

Hadde Fem Fine Frøkner og Klubbkamel hatt eit yngre og mykje kulare søskenbarn, hadde det meget mogleg vore Le Louvre. I haust kom endeleg albumdebuten til Myra, men ho har sett sine spor og nådd langt forbi Fløibanen i fleire år allereie. Le Louvre ustrålar ein sjølvtillit sjølv den mest forfengelige reality-deltakar kan vere misunnelig på. Og det seier noko.

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


“Øynene lukket” – Lars Vaular og Sondre Lerche

Apropos søskenbarn, kan eg ikkje unngå å nemne denne stjerneduoen. Lars Vaular og Sondre Lerche har påverka og definert norsk musikk på kvar sine område over lengre tid. Det nærmar seg ein dekade sidan denne songen kom ut, så nokon fersk nyheit er det kanskje ikkje. Øynene lukket er likevel eit kjært samarbeid som må vere med på denne lista.

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


Fallskjerm”, Balestrand Badeklubb Vol.1 – Balestrand Badeklubb

Samarbeidsprosjektet Balestrand Badeklubb Vol. 1 er litt som Avengers hadde vore frå Noreg, og bestemte seg for å reise på feriekoloni og spele inn plate (eller noko sånt (dumskryt: eg har ikkje sett Avengers)). Litt juks å inkludere denne på lista, kanskje? Fallskjerm og Balestrand Badeklubb byr på mange spennande crossovers som er verdt å sjekke ut!

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


Rocky Trail” – Kings of Convenience

Forrige gong Kings of Convenience gav ut musikk, visste ingen korleis Instagram og Snapchat ville endre måten vi kommuniserar, ingen hadde brukt x-antal friminutt på å lære Glow-dansen og USA hadde akkurat sett inn sin første svarte president. Så då comebacket til bergensduoen dukka opp på min Discover Weekly, kunne eg nesten ikkje tru mine eigne auge. Det føles ut som ei gåve å lytte til eit eldre Kings of Convenience i Rocky Trail samtidig som at soundet er akkurat slik berre Kings of Convenience kan.

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


Oslo”, På vei hjem – Razika

Somme røyster meiner Nystemten er sjølve nasjonalsongen til Bergensbyen. Eg vil legge inn eit godt ord for Oslo av Razika. Som ung kvinne i høgare utdanning trur eg viss kommunestyra i diverse småbygder hadde tatt i bruk Oslo i arbeidet mot migrasjon til storbyane, så hadde vi løyst heile problemet. Oslo er energisk, ærleg og patriotisk, akkurat som Razika sjølve.

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify