Ny uke, nye anbefalinger #4- Norsk januarmusikk!

Anbefalingsliste - Ragnhild H. Eikeland

Denne januarmånaden har den norske musikkbransjen velsigna oss med fleire musikalske høgdepunkt. Her snakkar vi eit breitt spekter sjangrar, der alle lukkast i å gje oss ein pangstart på 2022! AURORA, Sigrid, brenn., Bernhoft og Fieh er nokre artistar som har kome med musikk på nyåret. Vekk opp vinterkroppen med denne livlige januarmusikken!


Vandrer på solskinn” – brenn. fyrar opp i vinterkulda!

Vi går rett på sak. Kva anna seier «nytt år, ny meg» enn litt rock frå brenn.? Den nye plata Vandrer på solskinn passar best til nettopp denne typen aktivitet; vandring i solskinn med AirPods i øyra! Elles er musikken midt i blinken når ein treng ein aldri så liten sjølvtillitsboost. På låta Du lar meg henge, men har bandet fått med seg ein artig feature. Rockeduoen har nemleg med seg Balestrand-stjerna Kjartan Lauritzen for å få full fyr på bålet. Ei låt på 1 min og 48 sekund er den perfekte dosen energi du treng for å takle alskens utfordringar, særleg i pandemikvardagen. Til sist anbefaler eg også Svett og Kvalm, to av dei meir varierte låtane på albumet. Her får ein både den rocka kjensla og den meir rolege indie-sounden, som utgjer brenn..

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


“The Gods We Can Touch” – AURORA med nytt album

Med The Gods We Can Touch har AURORA gjeve ut sitt tredje studioalbum, og dette er betre enn nokon sinne. Trollbindande The Forbidden Fruits of Eden inviterer deg inn i eit musikalsk univers av kjærleik, mytologi og natur. Albumet er særs variert og strålar av eventyrleg lyrikk. Platespora spenner frå alt drøymande og roleg, til alt energisk og dansebart! I den eine enden har ein Exist for Love, ein sårbar kjærleiksballade som gjev deg frysningar frå første akkord. Denne låta er verkeleg som balsam for øyrene. I den andre enden har ein A Temporary High som gjev meg langt meir enn ein midlertidig «high». Denne er nok min personlege favoritt! Ein ordentlig dansebar låt, med eit engasjerande driv som fungerer som eit høgdepunkt midtvegs i plata. Dei meir moderne musikalske verkemidla og den karakteristiske AURORA-sounden, gjer plata til ei nydeleg lytteoppleving.
Høyr ho frå start til slutt!

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


Allthetimeevenwhen” – Fieh med forsmak på album!

Dersom du er som meg, kan du ikkje få nok av den deilige soulfunkkjensla. Bandet Fieh kan det vere lurt å følge med på framover! Som forsmak på albumet dei skal sleppe i mars, har dei kome ut med tre singlar. Behagelege Allthetimeevenwhen er ein nedpå, jazza låt som let deg roe ned og digge med til den luggande rytma. Musikkbiletet er særs variert og har ei nydeleg melodiøs basslinje. Med Telephone Girl treng du ikkje ha dårleg samvit for å ikkje ta telefonen. Her kan du sette alt på flymodus og kose deg med ein skikkelig slager av ein soullåt! Siste låt derimot, Grendehus Funkadelic, bør du spare til grendahusfesten. Denne får deg nemleg til å gløyme alt smittevernsrelatert. Men når tida for fest og moro kjem, er det denne du bør ha på anlegget!

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


Homeless In My Own Town” – Bernhoft slår til i stjerneprogram

Bernhofts deltaking i stjerneprogrammet Hver gang vi møtes har gjeve oss ei gåvepakke av ein EP med ordentlege «godkjensle»-låtar. Lite kan gå gale når ein tek kva som helst slags låt og krydrar med alt godt frå funk-, R&B- og soulsjangeren. Tix sin Eurovision-låt Fallen Angel fekk ei splitter ny drakt under Bernhofts tolking. Låta er nærmast ugjenkjenneleg, på den beste måten mogleg. Med blåserekke, orgel og soulfull koring blir låta ein funk-fest utan like. Myras Hjemløs i egen by får også ein litt annan sjanger, i tillegg til ei engelskspråkleg tolking. Det komfortable pianospelet gjev låta eit fint balladepreg. Spør du meg skal det mykje til for å toppe ein BigBang-låt. Bernhofts tolking av Saturn Freeway er likevel ganske nær. Låta er ei påminning om at alle låtar kan rockast opp endå eit hakk. Bernhoft er i seg sjølv ein sjanger som aldri døyr!

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify


Head on Fire” – Griff & Sigrid strålar girlpower

Vi starta med brenn., dermed må vi avslutte med meir heitt stoff. Sidan Sigrids suksessalbum Sucker Punch kom ut i 2019, har artisten kome med singles og EP-ar her og der. No slår artisten hardare tilbake på musikkfronten med eit nytt, spennande samarbeid. Sigrid har gjort det bra i Storbritannia, og no har ho gjeve ut låt med det britiske pop-talentet Griff! Denne 21 år gamle songaren vann tittelen «Rising Star Award» på Brit Awards i 2021. Den nye singelen er like gloheit på høgtalaren som tittelen tilseier; Head on Fire. Det er umogleg å sitte stille medan ein høyrer denne dansefesten av ein låt. Typiske pop-grep i basslinja, harde pianoakkordar og enkel, men kraftfull koring på refrenget, skapar ein engasjerande dynamikk. Den beste delen er nok bridgen som trinvis byggar opp mot eit euforisk siste refreng. Låta er akkurat det ein treng for å fullføre alle måla ein har satt seg for 2022.

Det er berre å hoppe ut i det med volumet på fullt!

Hvor du kan høre: Apple Music | Spotify