TikTok: Klima-aktivistanes ukjende våpen?

Artikkel - Lasse Styve Andersen

Det kjem nok ikkje som ei overrasking at det er oss unge som bryr oss mest om klimaet. 2019 har vert særs prega av skulestreik for klima, omgrepet «flyskam» har inntatt norsk ungdoms vokabular, Greta Thunberg har skapt store overskrifter verda rundt med sitt engasjement, og gjenbruk har blitt ein svært populær trend blant unge vaksne.. Men for mange unge byrjar klima-engasjementet på ein plattform som kanskje er svært ukjend for dei fleste av oss, nemleg TikTok.

#GlobalWarming

Tidlegare i haust skreiv Lene M. Haugen ein kommentar til PRESSET der ho omtalar TikTok som ein ukjend kjempe, og poengterer bl. a. at applikasjonen er mest populær blant unge mellom 13 – 18 år og nokså ukjend for vaksne. Det er i denne aldersgruppa ein finn TikToks mange klima-aktivistar. Med emneknaggar som Globalwarming og ForClimate har videoane deira vert sett over fleire millionar gonge.

Dei fleste av desse videoane viser frisk natur som gradvis døyr grunna varmare vær, dyr og menneske som kvelast av plastikk, og hav overfylt med søppel og plastikk-flasker. Tiktok-brukar, Anna Bogomolova, seier til BBC at folk må vera klar over problemet for at ting skal forandra seg. I ein video ser me Bogomolova hosta opp plastikk som eit resultat av aukande mengde med plastikk i drikkevatnet i framtida.

Hana Martin // Skjermdump

Hana Martin // Skjermdump

Videoane hennar har fått svært mange tilbakemeldingar frå unge sjåarar som seier dei har blitt nærmast lamslått av hennar visjon for framtida. Andre Tiktok-brukarar, som Hana Martin, har bl.a. mala landskap på kroppen og i ansiktet som illustrerer påverknaden klimaendringar har på naturen og dyrelivet.

I ei reportasje av ABC vert me introdusert til den 21-år gamle klima-aktivisten Tara Bellerose som frå det australske høglandet produserer videoar med eit tydeleg bodskap: verda står i flammar. Som bonde legg Bellerose godt merke til klima endringane. Været vert meir og meir upåliteleg, og det som skulle vera ein tørr summar viste seg å bli våtare og meir ekstremt enn tidlegare. Bellerose representerer ein generasjon som er vesentleg meir uroleg for verdas framtid. Ho seier til ABC at ho nyttar søte dyr i videoane hennar saman med eit dramatisk bodskap for å skapa mest mogleg interesse.

Bellerose er ikkje aleine i å merka klimaendringane i Australia den siste tida, ettersom fleire skogbrannar har herja over Sydney-området.

Dominert av unge brukarar

Det var i 2018 at Tiktok tok av for fult og var i byrjinga ein plattform full av dansevideoar og lipsync. Det er først no i 2019 at videoar med eit klart politisk innhald har blitt ein del av normalen. Det er i denne delen av Tiktok me finn brukarar som Tara Bellerose og Anna Bogomolova, som med deira klimaengasjement prøver å informera sjåarane deira om dei kommande farane ved global oppvarming. 16-år gamle klima-aktivisten Hana Martin seier dette til BBC:

- Unge kjem alltid til å høyra på andre unge, i mykje større grad enn dei kjem til å høyra på politikarar.